Københavns Lufthavn, Kastrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå København lufthamn)
Hopp til navigering Hopp til søk
Oversyn over sentrale delar av Københavns Lufthavn, Kastrup.
Kart over Københavns Lufthavn, Kastrup.
Flyfotografi av lufthamna.

Københavns Lufthavn, Kastrup (med IATA-lufthamnskode CPH, SN-luftfartsorganisasjonen ICAOs lufthamnskode EKCH) ligg om lag åtte kilometer frå sentrum av København i Danmark, på øya Amager, i Tårnby kommune, med litt av arealet i Dragør kommune, og er den største lufthamna (flyplassen) i Norden. Lufthamna vart skipa i 1925 med namnet Kastrup Lufthavn, og er såleis mellom dei eldste internasjonale lufthamnene i Europa.

Lufthamna har tre terminalar: Terminal 1 for innanriksflygingar og terminal 2 og 3 for utanriksflygingar. Dessutan er det ein terminal for lågprisflyselskap, CPH Go, som ligg som ei forlenging av terminal 3 og eigenleg ikkje er ein eigen terminal, men berre ei fellesnemning for dei ti utgangane (gates) F1-F10. Innsjekkinga for alle avgangar frå CPH Go går føre seg i terminal 2. Ingen stader på lufthamna er det lov til å røyke.

Det er to parallelle og ei tversgåande rullebane på lufthamna. Dei parallelle er 22L/04R, med ei lengd på 2994 meter i retninga 220° sørvestleg/40° nordaustleg og 22R/04L med ei lengd på 3295 meter i retninga 220°/40°. Den tversgåande rullebana 12/30 har ei nyttelengd på 2360 meter, men er om lag 400 meter lengre i den nordvestlege enden, og ligg i retninga 122° sørdaustleg/302° nordvestleg. Alle tre banene er utstyrt med instrumentlandingssystem (ILS), eit system av radiosendarar på bakken og mottakarutstyr i flya syter for å gje flygaren hjelp til å halde rett rute under den siste strekninga inn mot rullebanen. Bane 22L har dessutan landingssystemet ILS-CAT III som gjer at fly med tilsvarande utstyr kan lande med 0 meters sikt i stille vêr. Lufthamna ligg nær havnivået og utan hinder av åsar eller høge bygningar i innflygingsområda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]