Kaffitraktar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaffitraktar

Ein kaffitraktar er eit kjøkenapparat som vert nytta til å framstille kaffi. Apparatet varmer opp vatn som er fylt i eit eige rom, og fører det gjennom eit skålforma filter fylt med ei høveleg mengd brente, finmalne kaffibønner. Vatnet tek på den måten til seg smak, aroma og farge frå kaffibønnene før det renn ned i ei kanne som står på ei elektrisk varmeplate og held den ferdige kaffien varm.

Ein kan trakte kaffi etter same prinsippet ved å ha dei malne kaffibønnene i eit filter i ein filterhaldar på ei kaffikanne og helle heitt vatn oppi.

For å få god kaffi, er det viktig at traktaren varmar opp vatnet til rett temperatur, at det vert nytta friskt vatn, og at traktaren og den tilhøyrande kanna er fri for gamle kaffirestar. Med jamne mellomrom må traktaren reinskast innvendig for kalkavleiringar ved at ein tek ei gjennomkøyring med vatn iblanda eit særleg reinskemiddel, etterfølgt av eit par gjennomkøyringar med reint vatn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kaffitraktar
Spire Denne matartikkelen som har med teknologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.