Kagoshima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kagoshima
Kagoshima med vulkanen Sakurajima i bakgrunnen.
Kagoshima med vulkanen Sakurajima i bakgrunnen.
Styresmakter
Land Japan
Borgarmeister Hiroyuki Mori
Geografi
Flatevidd
 - By

547.05 km²
Innbyggjarar
 - By (2010)
   - folketettleik

605,855
  1,107.49/km²
Koordinatar 31°36′″N 130°33′″EKoordinatar: 31°36′″N 130°33′″E
Tidssone UTC + 9 (UTC+9)
Diverse anna
Heimeside: http://www.city.kagoshima.lg.jp/
Plassering
Plassering av  Kagoshima

Kagoshima (鹿児島市; -shi) er ein by i Japan og hovudstaden i prefekturet Kagoshima, søraust på øya Kyushu.

I ei måling frå 1. januar 2005, hadde byen eit innbyggjartal på 605 650 menneske, med 1107,81 personar per km². Området er 546,71 km².

Kagoshima ligg om lag 40 minutt frå Kagoshima flyplass, og byen har mange store kjøpesenter og restaurantar. Elles finn ein mange fajansefabrikkar og mykje tekstilindustri på staden. Byen fekk universitet i 1949.

Eit digert, moderne akvarium er plassert ved hamna med utsikt mot vulkanen Sakurajima (1117 moh.) Den japanske hagen Senganen (Isoteien) ligg like utanfor Kagoshima.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]