Kakheti
Utsjånad
| Kakheti | |||
| კახეთის მხარე | |||
| region | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Hovudstad | Telavi | ||
| Areal | 11 309,5 km² | ||
| Folketal | 303 833 (2024)[1] | ||
![]() Kakheti 41°45′00″N 45°43′00″E / 41.75°N 45.716666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Kakheti | |||
Kakheti er ein region i Georgia. Administrasjonssenteret ligg i byen Telavi. Regionen ligg heilt aust i Georgia og grensar til regionane Mtskheta-Mtianeti og Kvemo Kartli i vest. I aust har han grense mot Russland og i sør mot Aserbajdsjan.
Kakheti er eit populært turistmål i Georgia, med Tusjeti nasjonalpark, Gremi, Signagi, Kvetera kyrkje, Bodbe kloster, Lagodekhi verneområde og Alaverdi kloster som dei viktigaste reisemåla. Det blir produsert vin i mikroregionane Telavi og Kvareli.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kakheti» frå Wikipedia på bokmål og «Kakheti» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mai 2019.

