Kald fusjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kald fusjon er eit fenomen der to lette ion med negliserjbar snøggleik smeltar saman, det vil sei at det er ein kjernefysisk fusjon som føregår omkring vanleg romtemperatur ved vanleg atmosfæretrykk.

Omgrepet fekk stort fokus i 1989 då to amerikanske forskargrupper kalla inn til pressekonferanse i Utah. Dei hevda å ha fått til stor energiutvikling ved elektrolyse av tungtvatn D2O. Meldinga vakte stor oppsikt fordi ein meinte at energiproblema i verda då var løyst. Det er derimot stor skepsis til om dette i det heile er mogeleg å få til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]