Kampala

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsyn mot midtbyen i Kampala

Kampala er hovudstaden og den største byen i Uganda. Folketalet vart i 2010 rekna til knapt 1,6 millionar. Byen, som ligg 1 190 meter over havet, er delt opp i fem kommunar som har ansvar for lokalstyret; Sentral-Kampala, Kawempe, Makindye, Nakawa og Lubaga.

Kampala har vore hovudstad i landet sidan 1962, då han avløyste Entebbe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]