Kangertittivaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kangertittivaq er den breie fjorden nedst i biletet.

Kangertittivaq (grønlandsk), dansk Scoresby Sund, er ein fjord eller eit fjordsystem på Aust-Grønland. Fjordsystemet har form som eit tre, med lange fjordarmar ut frå hovudfjorden, dei lengste strekker seg 340-350 kilometer inn frå kystlina, med eit største djup på om lag 1 450 meter. Fjorden, som er den største i verda, dekker eit areal på 38 000 km².

I fjordsystemet er ei rad større øyar. Milne Land, den største av øyane, er 3 913 km² stor. På nordsida av fjordopninga ligg Ittoqqortoormiit, den einaste faste buplassen i området.

Den britiske oppdagaren William Scoresby kartla Kangertittivaq i 1822.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]