Kapetingarane

Kapetingarane (fransk Les Capétiens eller la Maison capétienne, ‘Huset Capet’) var ei fransk kongeslekt som følgde den karolingiske kongeslekta. Dei styrka makta til kongeriket ved å lage eit nytt styringssystem og ved at dei gav mindre makt til vasallane. Kapteingarane styrte kongedømet Frankrike frå 987 til 1328,[1] og produserte direkte arvingar til trona i over 300 år.
Slekta stamma frå robertianarane, med føregangarar som Robert den sterke og Robert I av Frankrike. Huset Capet fekk namn frå tilnamnet til Hugo Capet, som var den første kongen frå denne slekta. «Capet» kom av at Hugo, som abbed for Saint-Martin de Tours og Saint-Germain des Prés, bar ein kort frakk kalla cappa.
Hovudlinja til sketa døydde ut i 1328 med kong Karl VIII av Frankrike. Etter dette stamma dei franske kongane frå dei kapetingiske sidegreinene Valois og Bourbon fram til 1848, med avbrot i samband med den franske revolusjonen.[2] I dag stammar kongehusa i Spania og Luxemburg frå kapetingarane.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Capet - Uppslagsverk - NE.se», www.ne.se, henta 30. oktober 2023
- ↑ Bratberg, Terje (23. august 2023). «kapetinger». Store norske leksikon.
- Alle tiders historie: Verda og Norge før 1800 VG2
- Denne artikkelen bygger på «Huset Capet» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2019.