Hopp til innhald

Kapp Hatteras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kapp Hatteras
Cape Hatteras
nes
Land  USA
Kart
Kapp Hatteras
35°13′21″N 75°31′48″W / 35.2225°N 75.53°W / 35.2225; -75.53
Wikimedia Commons: Cape Hatteras

Kapp Hatteras er ein odde på kysten av Nord-Carolina i USA. Det er det punktet på atlanterhavskysten av USA som ligger lengst mot søraust.

Cape Hatteras på satellittbilde

Nær Kapp Hatteras møter to kraftige havstraumar kvarandre: Labradorstraumen frå nord og Floridastraumen (Golfstraumen) frå sør. Grunne sandbankar strekkjer seg rundt 23 km ut frå kysten. Sandbankane og kraftig sjø har ført til at mange skip har gått på grunn utanfor kysten, og området her går under navnet «kyrkjegarden i Atlanterhavet».

Det fyrste fyrtårnet her blei bygd i 1803. I 1870 blei det erstatta av det noverande fyret som med sine 60,5 meter frå bakken til toppen av lynavleiaren er det høgaste fyrtårnet i USA. Det er også eit av dei høgaste fyrtårna i verda bygd av murstein. På grunn av erosjon langs kysten blei fyret flytta i 1999. Fyret står no på omtrent same avstand frå kysten som då det opphavleg blei bygd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]