Karabucakskogen

Koordinatar: 36°53′N 34°52′E / 36.883°N 34.867°E / 36.883; 34.867
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

36°53′N 34°52′E / 36.883°N 34.867°E / 36.883; 34.867 Karabucakskogen er ein skog i Tyrkia. Han ligg sør for Tarsus i provinsen Mersin. Skogen er planta med eukalyptus i ein del av skogen[1] og pinje og strandfuru i ein nyare del.[2].

I antikken var Tarsus ein hamneby ved Middelhavet, men på grunn av avleiringar frå Berdanelva vart kystlinja gradvis flytta sørover. På 500-talet var kystlinja eit godt stykke unna byen og ein liten lagune kalla Rhegma hadde danna seg. Her vart det stundom flaum i regnfulle periodar og keisar Justinian I (regjerte 527-565) fekk bygd ein kanal aust for byen for å lette vasstraumen. Dette er i dag det noverande elveleiet. Etter 600-talet voks innsjøen gradvis til og vart til ei myr, men dette førte til at tilfelle av malaria auka kraftig. I 1939 vart det derfor avgjort å drenere myra og det vart planta eukalyptustre på staden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Symposium documents (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 6. mars 2012, henta 5. august 2012 
  2. Coastal Planning report, p.19