Karasukelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karasuk
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Lengd 531 km km
Nedslagsfelt 11 300 km² km²
Munning Ingen

Karasuk (russisk Карасук) er ei elv i Novosibirsk oblast i Russland. Elva er 531 km lang og har eit nedslagsfelt på 11 300 km².

Karasuk spring ut 100 km sørvest for Novosibirsk, på 190 moh. Ho renn sørvestover gjennom ein vid dal sør på Barabasteppene, til ho munnar ut i eit endorheisk bekken med små sjøar og myrområde rundt 105 moh, på grensa til Kasakhstan. Ved høg vasstand renn noko vatn frå aust for byen Karasuk sørover over Tsjuman (russisk: Чуман) til elva Burla (russisk: Бурла)[1], og ein annan del i nordleg retning over greina Baganjonok (russisk: Баганёнок) til elva Bagan (russisk: Баган). Karasuk har ingen større sideelvar.

I den nedre delen av elva ligg byen og jernbaneknutepunktet Karasuk.

Kjeldeområdet til Karasuk vart 26. mars 2007 erklært som spesielt verneverdig område.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Store sovjetiske leksikon
  2. Pressemelding fra nettstedet «Sibirskij Projekt» (russisk)