Karbonpumpe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei karbonpumpe er ein naturleg mekanisme som gjer at verdshava tek opp CO2 frå atmosfæren. Kaldt vatn kan ta opp meir CO2 frå atmosfæren, så havet fangar opp meir CO2 ved høgare breidder. Dette kalde vatnet har òg høgare tetttleik enn varmare vatn, og søkk derfor ned i djuphavet og fjernar slik det karbonrike vatnet frå overflata. Det tek fleire hundreår før det på nytt stig til overflata. Havet er dermed eit karbonsluk.

I tillegg tek planteplankton opp CO2 frå atmosfæren gjennom fotosyntese. Ein del av dette vil bli frigjort når organismane døyr og vert nedbrotne, medan ein del vert varig bunden i sediment på havbotn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]