Karl August av Waldeck og Pyrmont

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl August av Waldeck og Pyrmont

Fødd24. september 1704
Hanau
Død29. august 1763
Bad Arolsen
Hus eller slektHuset Waldeck
LandTyskland
MorLouise av Zweibrücken-Birkenfeld
FarFriedrich Anton Ulrich
EktefelleChristiane Henriette, grevinne Palatine av Zweibrücken
BarnGeorg I., Friedrich Karl August, Caroline av Waldeck-Pyrmont, Christian August, Louise av Waldeck-Pyrmont

Karl August Friedrich av Waldeck og Pyrmont (24. september 170429. august 1763) var fyrste av Waldeck og Pyrmont og kommandant for dei nederlandske styrkane under den austerrikske arvefølgjekrigen.

Han var andre son av Friedrich Anton Ulrich av Waldeck-Pyrmont og Louise av Zweibrücken-Birkenfeld.. I 1728 døydde faren og den eldre broren Kristian Filip, så han vart den nye fyrsten.

I den austerrikske arvefølgjekrigen vart han utpeikt som kommandant av den nederlandske armeen av statsgeneralen av Nederlanda, som ei motvekt til Vilhelm IV av Orange, som var heilt avhengig av svigerbroren hertugen av Cumberland.

Karl August av Waldeck og Pyrmont

Den nederlandske armeen under Waldeck vart slått i slaget ved Fontenoy, slaget ved Rocoux og slaget ved Lauffeld.

I 1746 vart han feltmarskalk i Det tysk-romerske riket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]