Karl Martell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karl Martell
Charles Martel 01.jpg
Fødd 23. august 688 (juliansk)
Herstal
Død

22. oktober 741 (juliansk)
Quierzy

Yrke statsmann, militær leiar
Karl Martell på Commons
Karl Martell er kjend for sigeren sin i slaget ved Poitiers.

Karl Martell (23. august 68622. oktober 741) var rikshovmeister og i røynda konge over dei tre frankiske kongedømma. Han er kjend for å ha vunne slaget ved Poitiers i 732, der han stoppa ein maurisk invasjon leia av guvernøren av al-Andalus. Med denne sigeren sette han ein stoppar for vidare muslimsk ekspansjon i Frankrike. Han er kjend som ein dyktig general som var tidleg ute med å bruka tungt kavaleri (riddarskap), ein utviklar av den europeiske føydalismen og ein grunnleggjar av det som skulle bli Frankarriket.

Namnet «Martell» tyder 'hammaren'. Karl Martell var fødd i Herstal i det noverande Vallonia i Belgia. Han var son av Pipin av Herstal og den andre kona hans Alpaida. [1][2][3][4] Han hadde ein bror, Childebrand, som seinare blei frankisk dux ('greve') av Burgund (Bourgogne).

I eldre historiografi var det vanleg å omtala Karl som «uektefødd». Dette er truleg ei mistolking etterom polygami var vanleg frankisk praksis. Truleg kan omtalen av Karl som uektefødd førast tilbake til Pipin si første kone, Plektrude, og hennar ønske om å gjera sitt avkom til arvingar av Pipin.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Joch, Waltraud (1999). Legitimität und Integration: Untersuchungen zu den Anfängen Karl Martells. Husum, Germany: Matthiesen Verlag. 
  2. 2,0 2,1 Gerberding, Richard A. (October 2002). «Review of Legitimität und Integration: Untersuchungen zu den Anfängen Karl Martells by Waltraud Joch». Speculum 77 (4). s. 1322–1323. 
  3. Mark Grossman (2007). World military leaders: a biographical dictionary. Facts on File. s. 63. ISBN 978-0-8160-4732-1. Henta 2 June 2011. 
  4. Kurth, Godefroid (1908). «Charles Martel», i The Catholic Encyclopedia, Vol. 3, New York, NY, USA: Robert Appleton, see [1], accessed August 2, 2015.Mal:Update after
Spire Denne historieartikkelen som har med Frankrike å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.