Karlebotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Panorama av Karlebotn

Karlebotn (nordsamisk Stuorravuoanna) er ein fjordarm av Varangerfjorden i Nesseby kommune i Finnmark. I lag med Meskfjorden dannar han den inste delen av Varangerfjorden. Fjorden strekkjer seg 6 km vestover til bygda med same namn i botn av fjorden.

Fjorden startar i aust ved Sjøholmen og ligg på sørsida av Angesnes, medan Meskfjorden ligg på nordsida. Det ligg fleire busetnader langs sørsida av fjorden, som grenda Sirddagohppi.

E6 går langs sørsida av fjorden, medan Fv311 går langs botn av fjorden.

Koordinatar: 70°6′57.924″N 28°40′20.122″E