Kasmala
| Kasmala | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 2 550 km² | ||
| Lengd | 119 km | ||
| Munning | Ob | ||
![]() Kasmala 52°55′20″N 82°03′42″E / 52.922314°N 82.061621°E | |||
| Wikimedia Commons: Kasmala River | |||
Kasmala (russisk Касмала) er ei elv i Altaj kraj i Russland og ei av sideelvane til Ob frå venstre. Ho spring ut i eit myrområde sør for landsbyen Podstepnoje Rebrihinskogo. Ho munnar ut i Ob i Pavlovsk rajon og har ei lengd på 119 km. Nedslagsfeltet hennar er på 2550 km².
Av sideelvar finn ein Kalmanka, Rebrikha, Barsutsjikha, Torbatsjikha, Borovljanka, Rogozikha, Funtovka, Tsjernopjatovka. Nedslagsfelt er nesten heilt flatt og ligg på Priobskom-platået. Kasmala er regulert av to reservoar, eitt i landsbyen Rebrikha og eitt i landsbyen Pavlovsk. Desse vert nytta til vatning og rekreasjon.
Vårflaumen startar i april og varer til midten eller slutten av mai. Vassnivået i elva stig då med 2-3,5 m. Elva frys til tidleg i november og før isen smeltar i midten av april kan isen vere 1-1,2 meter tjukk.
Sør for kjelda nær landsyben Kadnikovo Mamontovskogo startar ei anna elv som òg heiter Kasmala. Denne renn sørover i motsett retning. Ho har ei lengd på 49 km og renn gjennom innsjøen Gorkoje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Касмала (река)» frå Wikipedia på russisk, den 6. oktober 2008.
