Katalysator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein katalysator er eit stoff som får ein kjemisk reaksjon til å gå raskare utan at han er med i produktet.

Ei generell reaksjonslikning er:

A + B + C → AB + C

der A og B er reaktantar, AB er produkt og C er katalysatoren. Utan katalysator er reaksjonen:

A + B → AB

Ein katalysatoren verkar ved å seinka aktiveringsenergien for reaksjonen. Dette kan skje ved at han stabiliserar transisjonstilstanden. Katalysatorar påverkar ikkje likevekter, da reaksjonsfarten vert endra i begge retningar.

Eit enzym

Mange metall kan brukast som katalysatorar. Enzym er biologiske katalysatorar.

Katalysatorar i bilar fører mellom anna til meir effektiv omdanning av karbonmonoksid til karbondioksid.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Katalysator