Kategoridiskusjon:AKP-politikarar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Om me skal følgja engelsk wikipedia sin definisjon av kva ein politikar er, finnest det ingen "AKP-politikarar".

--Tannkrem 18:30, 18 oktober 2006 (UTC)

?? Dette skjønar eg ikkje. Eg siterar: A person who is active in party politics. A person who has the power to galvanize public opinion. Any person manipulating group opinions in his or her favor can be termed a politician. Eg synest t.d. Jorun Gulbrandsen passar bra inn her. --Ekko 20:15, 18 oktober 2006 (UTC)
Men er ho ein Akp-politikar? Ho er ikkje folkevald for Akp, for dei stiller ikkje til val. Og ho er gått av som leiar. RV-politikar kan eg gå med på at ein kan kalla henne, det stemmer betre med mi oppfatning av kva ein politikar er. Jorun står oppført i kategorien RV-politikarar, men ikkje i denne. Tron Øgrim meldte seg ut frå Akp for lenge sidan, men er framleis med i RV. Sigurd Allern har vore leiar i Akp på 70-talet eller noko slikt, men er i dag meir kjend som medieprofessor, utan at me av den grunn bør oppretta kategorien Norske medieprofessorar.
Er det noko poeng i å ha så små kategoriar? Når alle som fram til no er plasserte eller føreslått i denne kategorien likevel står i kategorien RV-politikarar? Kor mange personar finnest det i Noreg som kan passa inn i denne kategorien?
--Tannkrem 17:04, 19 oktober 2006 (UTC)
Eg oppfattar kategorien som eit oversyn over folk som driv eller har drive med politikk for AKP. Kva er gale med det? -- Ranveig 17:39, 19 oktober 2006 (UTC)
Det er ikkje noko gale med det. Men svært mange driv eller har drive med politikk for Akp, utan at dei kallast politikarar av den grunn. Alle som har vore medlemer av Akp har drive med politikk i Akp, fordi partiet har eit utgangspunkt om at alle medlemer skal vera aktive. Så om me skal leggja din definisjon til grunn, skal alle kjende noverande og tidlegare medlemer av Akp høyra til denne kategorien. Og då bør vel kategorien heita "Akp-medlemer". Eller kanskje me bør døypa om kategorien til "Sentralstyremedlemer i Akp". Berre dei mest sentrale medlemene av Akp sitt sentralstyre vil kunna reknast som "Akp-politikar", sjølv om ein legg til grunn ein vid definisjon av ordet politikar. Men om ingen er samde med meg, så kan eg alltids leva med det. --Tannkrem 18:37, 19 oktober 2006 (UTC)