Kategoridiskusjon:Byar i Sør-Amerika

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kvifor slette?[endre wikiteksten]

Det vanlege er då å skilje mellom Nord-Amerika, Mellom-Amerika og Sør-Amerika og det skulle no vera nok av byar til å fylla slike kategoriar, eller? --Guttorm 2. nov. 2005 kl. 20:29 (UTC)

Kanskje det er blitt vanlegare, men skillelinene er uklåre og Amerika blir fortsatt rekna som éin verdsdel på norsk. Det kan vera greitt å samla visse artiklar i kategori:Sør-Amerika (eller kategori:Latin-Amerika), men eg synest at til dømes alle byane i Amerika bør kunne finnast i éin kategori, utan at ein treng lesa artiklane om Sør-Amerika, Nord-Amerika og Mellom-Amerika og Karibia for å finna fram. -- Ranveig 2. nov. 2005 kl. 20:37 (UTC)
Nja... Når det gjeld inndeling av verdsdelar, så er no regionen Mellom-Amerika ein del av kontinentet Nord-Amerika. Kulturelt sett opererer ein gjerne med eit skilje mellom Nord-Amerika (som i den tydinga inkluderer USA og Canada) og Latinamerika, som i den tydinga inkluderer det nordamerikanske landet Mexico. På grunn av dette salige rotet er eg i sterk tvil om korleis det er rettast å gjera dette. Trur Ranveig kan ha eit poeng i at ein i det minste treng éin overkategori her. Beste helsingar frå Nord-Amerika frå Olve 2. nov. 2005 kl. 21:39 (UTC)
Eg har ikkje noko imot å ha kategoriar for kontinent og kulturelle område, både Nord-Amerika og Latin-Amerika og alle dei andre, men eg trur éin overkategori "Amerikansk geografi" slik me har for dei andre verdsdelane vil gjera det enklare både å finna og å plassera artiklar og andre kategoriar. Eg ser for meg område som må plasserast i tre kategoriar -- Amerika, Nord-Amerika, Mellom-Amerika og Karibia, til dømes -- og er ganske så sikekr på at det vil bli rotete før heller enn seinare. Dette er ganske enkelt eit rop om hjelp til å halda orden. -- Ranveig 3. nov. 2005 kl. 08:55 (UTC)
Eg meiner det er meir uoversiktleg at alle byane vert plassert i ein einaste stor kategori. Forsvinn ikkje då litt av vitsen med underkategoriar bort? Eg syns t.d. kategorien «Amerikansk geografi» burde innehalde «Nordamerikansk geografi» og «Søramerikansk geografi» (eller ikkje eksistere i det heile tatt), og at dei respektive kategoriane (som byar) så vert plassert i desse to. Karibia høyrer forresten til Nord-Amerika på andre wikipediar, inkludert engelsk og bokmål, og ikkje Mellom-Amerika. I desse to wikiane viser Amerika-kategorien vidare til Nord-Amerika og Sør-Amerika, og eg syns han burde gjere det her òg. Er det ikkje meir uoversiktleg for brukarar av både en, nn og nb at kategorisystemet endrar seg når dei kjem til nn? Eg kan gjerne ta på meg ei flytteoppgåve her. --Frokor 17:01, 28 januar 2007 (CET)