Kategoridiskusjon:Byggverk på Irland

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg trudde det heite i Irland (eller i Eire), ikke på Irland/Eire. Eg kan ikkje gje ei logisk forklaring på dette synet, ettersom eg ville seia på Island (sjølv om islenningane vil kalla det i Island) og på Grønland. --Sigmundg 13:13, 13 oktober 2007 (CEST)

Eg har òg stussa litt på kategoriane i kategori:irsk geografi, men det høyrest litt rart ut med «i» Irland også. Då er faktisk Kategori:Irske øyar ei betre løysing. --Ranveig 13:21, 13 oktober 2007 (CEST)
Me har ikkje ein kategori som heiter Republikken Irland. Det burde det vore trur eg. Og denne kategorien burde kanskje heite Byggverk i Republikken Irland og vore ein del av Kategori:Republikken Irland. Geografikategoriane omhandlar óg landformer i Nord-Irland og altså heile øya, og kategoriane der bør heite "på Irland", av same grunn som me seier "på Island". Eg likar ikkje ideen om å kalle kategoriane t.d. Irske elvar, Irske fjell osv. Dette går óg i mot retningslinjene våre for geografikategoriar. --Frokor 13:25, 13 oktober 2007 (CEST)
Eg stemmer for det irske namnet Eire, i staden for Irland, som er avleia frå det engelske namnet Ireland. --Sigmundg 14:08, 13 oktober 2007 (CEST)

Når det gjeld preposisjonane brukar eg når det gjeld øya, og i når det gjeld staten. Eg har inga annan kjelde for dette enn eigen språkjensle. --Ekko 15:08, 13 oktober 2007 (CEST) Elles stør eg den gode oppsumeringa til Frokor. Å nytte det irske namnet blir fort tullete, når bøyingane blir feil. Det blir fort som når det står «The Oslofjorden» på engelsk. Ekko 15:14, 13 oktober 2007 (CEST)