Kategoridiskusjon:Fjernsynskanalar frå USA

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvifor ikkje endre denne kategorien til; USA-amerikanske fjernsynskanalar ? MVH TCoN 5. april 2011 kl. 18:11 (CEST)[svar]
Godt spørsmål! Eg vil gje eit langt svar.

Viss du vil endra forma på denne kategorien, er det naturleg å gjera det med alle kategoriar frå USA som er skrive på "feil" måte.

Eitt argument for dette er at det er betre å ha éin skrivemåte for alle kategoriar av same type. Då slepp ein å lura på om det skal heita "Brusflasker frå USA" eller "USA-amerikanske brusflasker". Slik det er med systemet me opererer med no, må me ofte berre gissa.

Eitt argument mot er at når det gjeld USA finst det mange slike kategoriar der det éin stad heiter "komponistar frå USA" og ein annan stad "USA-amerikanske forfattarar". For å ta tilfeldige døme. Eg har sjølv drive ein del med slik kategori-endring, og ofte kan det ha noko for seg. Men det er ikkje lettvint arbeid, sidan ein må endra kategorien i kvar einskild artikkel. Særleg i kategoriar der det ligg svært mange artiklar, er det tidkrevjande.

Så mitt svar er at dette er noko du kan gjera viss du syns du kan ta deg tid til å prioritera det. Då ville eg rå deg til å sjå over alle slike USA-kategoriar, og sjekka kva for ei form som dominerer; "... frå USA" eller "USA-amerikanske..." Begge to er like korrekte, så vidt eg skjønar. Deretter kunne du ha endra kategoriforma som er i mindretal i kvar einskild artikkel, og sletta dei tomme kategoriane når alle artiklane er flytt til rette kategoriar. Personleg ville eg synest det ville vera flott! Men grunnen til at eg sjølv ikkje har teke til med dette, er at eg har slått meg til ro med eit fungerande blandingssystem.

Så vel sjølv! =) HallvardLid 5. april 2011 kl. 19:28 (CEST)[svar]