Kategoridiskusjon:Folk etter nasjonal eller etnisk bakgrunn

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er forskjellen på denne kategorien og Kategori:Folk etter nasjonal eller etnisk avstamming? Treng me/bør me ha begge? --Ranveig (diskusjon) 12. mars 2017 kl. 17:15 (CET)[svar]

Hmm, forskjellen er ganske liten og for det meste syntaktisk (slik at me kunne nok klart oss med éin), men eg trur dei kan vere nyttige i navigerings-/sorteringsaugneméd. Denne kategorien legg fram kategoriar først etter nasjonalitet, og så etter avstamminga spesifikk for denne nasjonaliteten. Ein overkategori i denne kategorien kunne til dømes vore Danskar etter nasjonal eller etnisk avstamming, med underkategoriane Danskar av tysk avstamming, Danskar av norsk avstamming, Danskar av finsk avstamming osb. Den andre kategorien (...etter avstamming) presenterer den same informasjonen, men frå ein litt annan ende. Ein overkategori her kunne vore Folk av dansk avstamming, med underkategoriane Finnar av dansk avstamming, Tyskarar av dansk avstamming, Nordmenn av dansk avstamming osb.
Om me held på begge, eller berre éin, så er det framleis fullt mogleg å navigere seg frå toppen og ned til den kategorien ein søker. Men om me skal ha begge, så er eg absolutt for å gje dei eit tydelegare namn, og gjerne med ei forklaring attåt. – Neuraxıs (diskusjon) 12. mars 2017 kl. 23:17 (CET)[svar]
OK, eg trur eg forstår. Det kunne kanskje vore enklare å skilja om namna var litt mindre like. "Kategori:Folk etter nasjonal eller etnisk avstamming" kunne til dømes kanskje berre heitt "Folk etter avstamming"? Litt enklare og kanskje også passande om dei store regionale kategoriane i tillegg til dei mindre, som kastar og klanar. --Ranveig (diskusjon) 13. mars 2017 kl. 17:41 (CET)[svar]