Hopp til innhald

Kategoridiskusjon:Forkortingar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser av utviklinga med artikkelen MR at det kanskje ikkje altid er så fortreffeleg med forkortingar. Eg meiner at denne typen artiklar har ein god funksjon. Eg for min del kjente til MR frå før, men ikkje magnetresonanstomografi. Så for meg var det mest naturleg at artikkelen heitte MR. Men det er ikkje så viktig. Eg berre lurte på om nokon hadde eit syn på kva for praksis vi bør ha i slike tilfeller... Eit anna spørsmål er om vi treng gruppa Forkortingar i det heile? Eg meiner ja. Inge 3. mar 2005 kl. 2331 (UTC)

Eg trur det er best å ha artiklane på fullt namn der dette let seg gjera — mellom anna fordi forkortingar har ein lei tendens til å vera fleirtydige. Når dét er sagt, så bør passe på å ha sider for alle forkortingar folk er truande til å søkje på. Om forkortingane er eintydige, så kan dei rett og slett vera omdirigeringssider til fullt namn; når dei er fleirtydige, så bør ein ha fleirtydingssider. Kanskje er det naturleg i fleirtydingssidefalla (NKP, for eksempel) at dei blir lagde til kategorien Kategori:Forkortingar i tillegg til Kategori:Fleirtydingssider...? -- Olve 3. mar 2005 kl. 2313 (UTC)
Eg veit ikkje om de såg på sida OA som eg laga fordi eg trengde ei forklaring på bokstavane i båtlengdsamanhang. Eg gjorde det slik (med den kategorien eg valde) fordi eg såg at engelsk wikipedia har gjort det slik til dømes med en:PC. Eg tykkjer at forkortingar (iallfall i dei tilfella der dei er vanlegare enn det fulle namnet) anten bør ha ei omdirigering eller ei fleirtydingside der det er naudsynt. Larsivi 4. mar 2005 kl. 0724 (UTC)