Kategoridiskusjon:Gratis netteikneseriar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er «nettserie» eit godt ord? Og bør ikkje kategorien avgrensast til teikneseriar som hovudsakeleg ligg på nettet. Dømet Sinfest finst jo òg på trykk, mens Pondus vel ikkje er ein internett-teikneserie, sjølv om fleire striper ligg ute gratis? --Ekko 19:24, 13 november 2007 (CET)

Ærleg talt så er eg ope for forslag. Eg la inn eit argument under sinfest ved ein feiltakelse, her følgjer det:

"Teikneserie på internett" er ein lang term, sjølv om den er lett. Den engelske versjonen er "webcomic", på bokmålsida har ein brukt "internettserie". Elles på nettet har vi dansk "onlinetegneserie" og svensk "webbserie". Eg er usikker på kva vi bør kalle den nynorske, men eit samandrag (som mitt "nettserie") ser ut til å vere vanleg brukt. Det ville vore fint om vi kunne ha ein diskusjon unna mens vi endå er i ein oppbyggingsfase på dette. (Ein jobb for språkrådet?) Eg planlegg å legge over fleire seriar framover. Tilgangen på desse er nærast uendeleg ifrå http://en.wikipedia.org/wiki/List_of_webcomics. Det er lite truleg at eg orkar å gå igjennom alle desse.

--Krekling 19:49, 13 november 2007 (CET)
I ein situasjon der det ikkje har festa seg eitt nynorsk omgrep for fenomenet, bør vi bruke det vi meiner er det beste av dei aktuelle omgrepa (og heller bytte det ut sidan, om det syner seg at «vårt» omgrep taper språkkonkurransen. (Det same er situasjonen for mange artikkeloverskrifter, t.d. kan Fyrste Mosebok måtte byttast ut med Første - om nokre år.) Eg synest ordet «nettet» er eit godt ord, sjølv brukar eg det dagleg i muntleg språk, medan dei konkurrerande nynorskorda «veven» eller «verdsveven» ikkje høyrer med til mitt aktive ordforråd. Eg forstår kva som ligg i ordet «Gratis nettserie» når eg høyrer ordet, så «nettserie» er eit godt ord, som det verkar vere fornuftig å bruke.
Derimot er det vel ikkje skikken å ha omtale av omgrepet på kategorisida? Bør vi ikkje heller ha ein artikkel med namnet Gratis nettserie, og lenkje artikkelen slik at han vert liggande øvst på kategorisida? - Knut 21:23, 13 november 2007 (CET)
Me må ha ein artikkel, det er klårt. Men eg synes ein kort definisjon av kategorien burde stå på alle kategorisider. Gjer det det på andre språk? --Ekko 22:56, 13 november 2007 (CET)

Trur kategorinamnet burde stå i fleirtal: kategori:gratis nettseriar... -- Olve 02:06, 14 november 2007 (CET)

Olve har opplagt rett. Når det gjeld definisjon av kategoriar, er vel systemet det at ein artikkel som definerer kategorien ligg øvst på lista. Artikkelen vert liggande øvst om han kategoriserast [[:kategori:gratis nettseriar|*]]. Sjå t.d. Kategori:Litteratur. - Knut 07:21, 14 november 2007 (CET)
Eg trur det kunne vera nyttig med ei eller to liner om kva som gjekk inn i kategorien. I dette tilfellet t.d. Kategorien Gratis nettseriar omfattar teikneseriar som blir publisert gratis på internett før evt. publisering i eit anna medie. --Ekko 09:32, 14 november 2007 (CET)
Dess meir eg tenkjer på det, dess mindre glad er eg for "nettserie". T.d. har ein lagt ut gratis episodar av Battlestar Galactica på internett, og eg trur dette kan fort bli det folk legg i nettserie. "Webisodes" kalla dei det på engelsk. Eg har ikkje noko kjelde for "nettserie", det var berre det første som kom i hove mitt. --Krekling 16:05, 14 november 2007 (CET)
Kategori:gratis netteikneseriar burde vera ein rimeleg eintydig og trygg tittel da. Da treng vi ikkje å definere kategorinamnet på kategorisida heller... -- Olve 17:36, 14 november 2007 (CET)
Er Pondus ein gratis netteikneserie? Eller ein teikneserie kor enkelte eldre striper òg ligg gratis på nettet? --Ekko 19:30, 14 november 2007 (CET)

Då opprettar eg ein Kategori:gratis netteikneseriar, jf diskusjonen, og legg Sinfest dit. Det er vel fleir som høyrer heie der? -Knut 22:34, 15 november 2007 (CET)