Kategoridiskusjon:Kommunar i Stockholms län
Kommun eller kommune?
[endre wikiteksten]Skal me gje svenske kommunar den svenske nemninga kommun, eller den norske nemninga kommune? Evt. herad? Fram til no har me kalla svenske kommunar "kommun", sjå til dømes kategorien kommunar i dalarnas län, men på bokmålswikipedia nyttar dei nemninga kommune. HallvardLid 19. februar 2012 kl. 23:39 (CET)
- Eg er for å bruka mest mogleg norsk her, sidan kommun (og dansk Kommune, med stor bokstav) ikkje eigentleg er namn. Me pleier til dømes også å bruka «provins» der dette er mogleg, og ikkje det tilsvarande på spansk, portugisisk og så vidare. --Ranveig 19. februar 2012 kl. 23:49 (CET)
- Høyrest fornuftig ut, det. Reknar med at det ikkje er store innvendingar i saka, så eg set i gang med å flytta artiklar. HallvardLid 20. februar 2012 kl. 11:56 (CET)
- Ai ai ai. Dette har vore diskutert før, både lenge og vel! Her blei sluttresultatet at ein skal bruka kommun, og det blir referert til denne langvarige krigen frå april 2006. Kanskje kommun er best likevel? Eigentleg bryr eg meg ikkje så mykje, eg vil berre at det skal vera éin mal for dette så alle dei svenske kommuneartiklane ser like ut og at ikkje ein heiter Stockholm kommun, ein annan Botkyrka utan noko meir og ein tredje Ronneby kommune. Ein kan visst ikkje rulla tilbake ei flytting, så eg let mine endringar stå inntil vidare. HallvardLid 20. februar 2012 kl. 12:21 (CET)
- Det må heite kommune, då nynorsk-wikipediaen er eit norskspråkleg verk og at kommun ikkje er særnamn.--Migne 20. februar 2012 kl. 23:32 (CET)
- Eg har ikkje sterke meiningar om emnet, men ville gått for kommune om eg skulle velje ein av dei. Gode argument har eg derimot ikkje. Som Ranveig seier, så set om administrative område til norsk for andre språk. Strengt tatt så skulle det vel då ha heitt len og ikkje län òg då? Men eg har ingenting i mot at läna blir ståande som no. --Frokor 21. februar 2012 kl. 09:48 (CET)
- Dette var ein vanskeleg spurnad. Eg ville nok nytta «kommun» sidan det er namnet på ein stad, sjølv om dette er Nynorsk Wikipedia. Men så omset ein jo namn på land og byar, så kanskje det er meir riktig å nytte «kommune». Men nyttar ein «kommune», så hadde det vel kanskje vore riktig å flytte til dømes Jämtlands län til Jämtlands fylke? Det burde i alle fall vere likt for alle slike namn (altså namn som fylke, kommune, provins osb). Nyttar ein «kommune» i staden for «kommun», bør ein nytte «fylke» i standen for «län». Men svaret frå meg vert «kommun». (Eg er enno i tvil om kva som er best, men eg kan heller forandre svaret om eg kjem på nokre gode argument for/imot kommun/kommune.) --AlexanderMG 21. februar 2012 kl. 15:25 (CET)
- Kommentar: Dei har faktisk ikkje nokon gjennomført metode for dette på bokmålswikipedia heller. Der heiter det Jämtlands län, men den ligg i kategorien "Len i Sverige", og dei har brukt det norske omgrepet kommune på svenske kommunar. Ikkje eit mønster-døme, med andre ord. HallvardLid 21. februar 2012 kl. 15:33 (CET)
- Konsekvens er ikkje lett, sjølv mitt wp-førebilete klarar å rote til dette: de:Kategorie:Kommune in Norwegen har dei fått schwung på, men de:Kategorie:Gemeinde in Schweden låter inte bra als. Len/län, oblast, Département etc er ikkje heilt det same som norske fylke, og kommun, rajon, kistérségek osv. er berre delvis det same som det vi forstår som ein (norsk) kommune. Det er «Härjedalen kommun» eg les på skyltan på veg til fläskbutiken i Funäsdalen, og tykkjer «Herjedalen kommune» smakar av kontrafaktisk historieskriving. Eg landar på kommun i Sverige (og Gemeinde i Tyskland, kistérségek i Ungarn, rajon i Russland etc) – men er ikkje fanatikar. --Kaitil 21. februar 2012 kl. 18:02 (CET)
Hehe, veldig godt innlegg, Kaitil. Hadde wikipedia hatt ein Like-knapp, ville eg ha trykt på han her. Eg har no lese nøye gjennom kva diskusjonen i 2006 førte med seg av argument og konklusjonar. Men eitt av sluttargumenta som eg høyrest mest fornuftig ut er at ein refererer til Norsk Språkråd sine nettsider, der det står: «Värmlands län - len i Sverige». Når det gjeld kommunar, er det derimot ikkje like lett å få svar frå Språkrådet. På kommunen Värnamo står det berre «Värnamo - kommune i Sverige».
Konsekvens er ikkje lett. Kanskje er det i nokre tilfelle umogleg! Også Store Norske Leksikon fylgjer praksisen til bokmålswikipedia; dei skriv Värnamo kommune, men Västerbottens län. Eg vil difor framleis føreslå å gje svenske kommunar det norske namnet kommune, men svenske len nemninga län i namnet. HallvardLid 21. februar 2012 kl. 21:28 (CET)
Nokre argument for kommune
[endre wikiteksten]Noko seier meg at denne saka vil koka ned til meining mot meining. Denne saka vart som sagt diskutert grundig i 2006. Då endte ein opp med å bruka nemninga kommun om svenske kommunar, men det rådde ikkje full semje den gongen. Sjølv om hovudsaka for min del berre er å få konsensus i denne saka; her er nokre argument for å gje svenske kommunar norske namn.
- Det er vanleg praksis her på wikipedia å gje norske namn til dei stadene som har norske namn. T.d. Niagarahalvøya og ikkje Niagara Peninsula.
- Me pleier også å gje danske kommuneartiklar norske namn (København kommune i staden for København Kommune)
- På bokmålswikipedia nyttar dei det norske namnet kommune om både svenske og danske kommunar. Sidan dei les dei same rettskrivingsreglane som oss; kvifor skal me insistera på å gjera det annleis?
Dersom det er nokon som har motargument mot dette, er det berre å koma med dei! HallvardLid 20. februar 2012 kl. 13:02 (CET)
- OK — her har du mitt svar: Kommunen kring tettstaden Arjeplog heiter «Arjeplogs kommun» og har ikkje noko offisielt norsk namn såvidt eg kjenner til. Skal det norske namnet vera «Arjeplogs kommune? Arjeplog kommune? Danske kommunar «heiter» det same på norsk. At vi skriv liten forbokstav i «kommune» har med typografiske reglar på norsk å gjera. Om Bokmålswikipediaen gjer slik eller slik er eg ikkje personleg så bekymra for... ;-) Olve Utne 22. februar 2012 kl. 22:37 (CET)
- Vi skriv elles «Göteborg» (ikkje Gøteborg, Gauteborg eller Gjøteborg) og Stockholm (ikkje Stokkholm). Og for den saks skyld København (ikkje Kjøpenhamn e.l.) og Helsingfors (ikkje Helsingfoss). -- Olve Utne 22. februar 2012 kl. 22:41 (CET)
- Setr elles at du har masseflytta artiklar utan å vente på evt. nytt resultat av diskusjonen. Ikkje heilt ryddig det, vel? Men vi kan no gjerne ta ei avstemning om folk vil. I mellomtida er det vel ryddigast å endre tilbake til status quo, Hallvard? -- Olve Utne 22. februar 2012 kl. 22:46 (CET)
- Det kunne eg gjerne gjort. Men det krevjer litt arbeid, sidan ein ikkje berre kan tilbakerulla ei omdirigering. Slik situasjonen er no, er det masse svenske kommuneartiklar som ligg ute med forskjellig namnepraksis uansett. Difor ville eg gjerne venta på eit resultat her inne før eg tok føre meg noko. Elles blir det dobbelt arbeid. HallvardLid 23. februar 2012 kl. 00:26 (CET)
- Forøvrig takk for svar! Ei avstemming høyrest lurt ut. Eg let meg overtyda av argumentet ditt om at danske kommunar vert skriven med liten k på norsk grunna typografi. Men korleis veit du at svenske kommunar må ha namn av typen Arjeplogs kommun på norsk? Har du ei kjelde eller tekst å visa til? HallvardLid 23. februar 2012 kl. 00:31 (CET)
Det er vel ingen gode grunnar til å sette om kommun til norsk, reint bortsett frå om ein ønsker ei gjennomført supernorsk nynorsk Wikipedia. La oss ta det offisielle svenske namnet Jönköpings kommun. Dersom ein skulle sette om dette til norsk ville det bli Jönköping kommune, altså utan genitivs-s. I moderne norsk er grunnregelen at ein skal nytte skrivemåten i opphavslandet. Derfor heiter det òg Canada og ikkje Kanada som vi skreiv tidlegare. Det juridiske omgrepet kommun er ganske sikkert ikkje identisk med det juridiske omgrepet kommune i Noreg. Dersom ein vel å drive med omsetting av juriske omgrep, kva er då ein landskommun, eit municipalsamhälle? Thesam 23. februar 2012 kl. 05:33 (CET)
Avstemming
[endre wikiteksten]Det ser ut som om me no har fått nedskrive dei viktigaste argumenta i saka, og kan gå til avrøysting for å få ei avgjerd.
Eg røystar kommun. HallvardLid 24. februar 2012 kl. 15:52 (CET)
- Er det ingen fleire som vil røysta? Dersom ingen fleire røystar før februar er omme, reknar eg saka som avgjort. Men det er viktig å røysta, så det ikkje berre er eg som avgjer dette. HallvardLid 27. februar 2012 kl. 22:01 (CET)
- Eg røystar kommun. --AlexanderMG 29. februar 2012 kl. 19:49 (CET)
- Vel! Kanskje ikkje nett kremeksemplet på nettdemokrati, dette, men då trur eg me går for kommun for svenske kommunar. HallvardLid (talk) 1. mars 2012 kl. 13:15 (CET)
- Trur ikkje det gjer så mykje om få røyster, mange har jo sagt sitt i diskusjonen. --Ranveig (talk) 1. mars 2012 kl. 13:35 (CET)
- Sant nok! HallvardLid (talk) 1. mars 2012 kl. 13:54 (CET)
Ja, eg var eigentleg for den norske varianten, men etter å ha lese argumenta ovafor snudde eg til svensk. Avstemming trengs ikkje når ein har diskutert seg fram til ei bra løysing. --KRISTAGAα-ω 6. mars 2012 kl. 22:34 (CET)