Kategoridiskusjon:Landskap i Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

På bokmålswikipediaen diskuterar dei om den rette nemninga er landskap eller distrikt. I følge ordboka brukast ordet om eldre eller utanlandske tilhøve, og det stemmer med mi språkkjensle også. Finnst det ikkje eit betre ord? Distrikt, region? --Ekko 19:32, 29 oktober 2007 (CET)

Eg hadde likt region betre, men det er berre mi personlege meining. --Frokor 19:51, 29 oktober 2007 (CET)
Ein region er noko anna enn eit landskap - regionar er moderne einingar med regionråd og greier, distrikt er vel ikkje definert på nokon spesiell måte. Landskapa høyrer eldre tider til, jf nemningar som landskapslover om Gulatingslova mfl. Landskapsnamna slik vi brukar dei i dag, er ei arv frå gammal tid, som berre glimtvis fell saman med moderne administrative einingar. Å ta vare på landskapsnamna er språkrøkt og kulturvern. Det er ei oppgåve for nynorsk wikipedia. - Knut 22:32, 29 oktober 2007 (CET)
«Region» er vel ikkje nokon formell eining? Eg ser to problem med det du seier om landskap. Det eine er at ordet ikkje er definert på noko vis. Det andre er at Wikipedia ikkje har oppgåver når det gjeld språkrøkt eller kulturvern. --Ekko 05:34, 30 oktober 2007 (CET)
1)Ettersom «regionråda» har fått ein formell status, kan man òg seie at regionane er formelle einingar, jf. [1]. Men ordet har fleire tydingar.
2)Eg meiner wikipedia har visse samfunnsoppgåver, blant dei er det å spreie kunnskap, herunder om kultur og godt språk. For meg er det viktig å ha ei meining med det eg gjer. Her trenger du ikkje seie at eg har rett, men likevel kan du ikkje seie at eg tar feil. -Knut 07:14, 30 oktober 2007 (CET)
Av det eg har lese om (uklåre) definisjonar av regionar, distrikt og landskap, så ligg ikkje desse langt frå kvarandre. Sjølvsagt kan regionar vere administrative einingar, men som det er skrive her er det òg langt meir enn det. Historiske regionar kan vere gamle land eller liknande som kan gå utover grensene til administrative einingar og landegrenser, t.d. Böhmen. Eller det kan vere store område med særs "flytande" grenser, jf. Vest-Europa. Eg sit med kjensla av at omgrepet "region" kan nyttast om kva som helst avgrensa område, inkludert landskap. Men om ein skal halde på landskap for å at dette ikkje skal forsvinne frå norsk språk har eg eigentleg ikkje sjå sterke meiningar om. --Frokor 09:02, 30 oktober 2007 (CET)
  1. Eg ser ikkje nokon stad at regionråd har fått formell status. Tvert om, nettstaden Knut viste til har ikkje vore oppdatert på eit år, ei av meldingene på sida var "me ligg i startgropa" datert 2004. Når eg går inn på sidene til nokre av dei lokale regionråda står det klart at dette er frivillig interkommunalt samarbeide. Me har dessutan òg helseregionar. Det er mogeleg (kanskje også sansynleg) at region er eit dårleg avløysarord for «landskap», men ikkje strekk fellen lengre enn han rekk.
  2. Knut (og eg) har heilt sikker meininger med det me gjer på wikipedia. Men det vil ikkje seie at wikipedia har desse funksjonane. Derfor tar Knut feil når du tillegg wikipedia det som er hans eiga drivkraft.
  3. For meg må me gjerne nytte landskap, men berre om det finst ein klår definisjon på ordet. Å ha oppslagsord som det ikkje finst definisjon på, som ikkje er i vanleg bruk (i den tydinga me nyttar det) og kor det tvert om er mogeleg at det er feilaktig omsetting frå eit anna språk (svensk), det er ikkje bra. --Ekko 09:08, 30 oktober 2007 (CET)
Regionane har mange stader i landet ein formell status, gjeven med heimel i § 27 i kommunelova. Samstundes kan ordet «region» brukast som eit omgrep for mange slags geografiske einingar, interkommunalt, over fleire fylke og kanskje tilogmed internasjonalt. Men lat no dei ligge, poenget er at dei historiske landskapsnamna, som denne kategorien gjeld, er noko anna. Eg er samd i at omgrepet trenger ein definisjon, og det er kanskje ikkje så lett, når vi snakkar om arealeiningar som har hatt skiftande status gjennom hundreåra. Kanskje «historiske futedømme» (fogderi) kunne vere utgangspunkt for ein høveleg definisjon. Her bør vi utfordre historikarane.-Knut 15:14, 30 oktober 2007 (CET)
Godt framlegg! Truleg best å vera konkret, så ein kan ha ein overkategori «Eldre eller uformelle arealeiningar», med underkategoriar som «futedømme», «fjerdingar» osb. Informasjonsverdien blir mykje betre på det viset. I tilleg vil det generelt vera ein hjelp om ein skriv på kvar enkelt kategoriside kva kategorien er tenkt å femne. --Ekko 09:14, 31 oktober 2007 (CET)