Kategoridiskusjon:Norske kommunar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flytting til «Eining i Stadnamn»-format?[endre wikiteksten]

Vi bør nok flytte denne kategorien òg, slik at han stemmer med namngjevinvgsprinsippa våre. Føreslår Kategori:Kommunar i Noreg. -- Olve 3. nov. 2005 kl. 19:02 (UTC)

Einig i det. Derimot tykkjer eg kategori:tidlegare norske kommunar kling betre enn "Tidlegare kommunar i Noreg". -- Ranveig 3. nov. 2005 kl. 20:07 (UTC)
Kan me ikkje berre vera konsekvente? Uansett, tenkte eg skulle nemna, dersom de ikkje har fått det med dykk enno, at omdirigeringar frå kategoriside til kategoriside og frå sider i andre namnerom til kategorisider no virkar. Uheldigvis blir ikkje sider som er kategoriserte i kategorien som omdirigerar lista på kategorisida som den omdirigerar til, men kategoriar som ikkje er i bruk blir heller ikkje lista på spesial:categories. Veit ikkje heilt om slike omdirigeringar er bra, tenkte berre eg skulle nemna det (kategori:planter er eit eksempel). --Guttorm 3. nov. 2005 kl. 20:48 (UTC)
All den tid at kategorisering på omdirigert kategori fører til at den kategoriserte sida ikkje blir oppført under målkategorien (og dermed forsvinn i systemet) synest eg at vi bør unngå å ha omdirigeringskategoriar i det heile teke foreløpig. Det tyder at eg meiner alle slike sider faktisk bør slettast, slik at ein faktisdk får raudlenkje der det ikkje finst ein gungerande kategori. Heile poenget med kategoriseringa er jo at artiklane skal visast i ein kategori, ikkje sant? :] Olve 3. nov. 2005 kl. 22:05 (UTC)
Ja, jo, du har nok rett, har tenkt på det. Enormt irriterande. --Guttorm 3. nov. 2005 kl. 22:19 (UTC)
Ja, «irriterande» er vel ordet der ja. :-( Olve 3. nov. 2005 kl. 22:22 (UTC)
Når det gjeld «tidlegare ...(i)ske kommunar» eller «tidlegare kommunar i [Stad]», ser eg at den første løysinga kan vera betre i nokre bestemte fall, men meiner at det alt i alt er betre å følgje same systemet der òg. Unntaket frå denne regelen er fall der noko tidlegare låg under norsk styre, men ikkje gjer det lenger — altså utanfor dagens norske grenser. Slik sett er nok Jämtland eit tidlegare norsk fylke/len, men det er ikkje eit tidlegare fylke i Noreg. For kommunar trur eg ikkje dette er noko problem i praksis, sidan kommunestrukturen er nyare enn grensejusteringane. -- Olve 3. nov. 2005 kl. 22:05 (UTC)
Greitt, eg bøyer meg for konsekvensen. Lat alt verta "kommunar i"! -- Ranveig 4. nov. 2005 kl. 13:27 (UTC)
Det burde vore «Kommunar i Noreg» òg, i samsvar med alle andre geografikategoriar og retningslinjene våre. --Frokor 16:12, 21 februar 2008 (CET)
Ja, konklusjonen er vel klar, så her er det berre å setje i gang. -- Olve 16:18, 21 februar 2008 (CET)
Sukk, av og til er me litt vell treige til å koma i mål. Godt jobba (og observert). Anders 16:25, 21 februar 2008 (CET)