Kategoridiskusjon:Omsett med Apertium

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er kategorien berre meint for artiklar som skal språkvaskast? Altså skal ein fjerne kategorien når artikkelen er språkvaska? --Frokor 20. september 2009 kl. 17:41 (CEST)[svar]

Eg ser ikkje noko poeng i denne kategorien etter at artiklane er språkvaska. Apertium er berre eit hjelpemiddel i omsettinga, og det tilfører artiklane ingen ting av leksikalsk verdi at denne kategorien blir ståande i ettertid. --Egil Arne 20. september 2009 kl. 20:12 (CEST)[svar]
Nja, i alle fall no i utviklingsperioden til Apertium er det fint for oss som held på med Apertium å ha eit oversyn. Som de ser limer eg inn den første versjonen utan korrektur i det heile, for deretter å korrekturlese. Grunnen til det er at vi då får ei evaluering av Apertiup via historikken til artikkelen. Så enten held vi på kategoriane, eller så lagar vi ei laus liste. Trondtr 20. september 2009 kl. 20:46 (CEST).[svar]
Greitt nok i utviklingsfasa, og kategorien plagar verken meg eller den tilfeldige brukar. Men for oss som bidrar med språkvask, kan det vere greitt å finne ut om artiklane er språkvaska eller ikkje - er løysinga ein ny kategori: Omsett med Apertium og språkvaska? --Egil Arne 20. september 2009 kl. 20:54 (CEST)[svar]
Ja, eg har også sett det poenget, utan å gjere noko med det. Det er ein god idé. Trondtr 20. september 2009 kl. 20:56 (CEST).[svar]
Dette er vel ordna no? Så lenge dei som treng språkvask kan merkast på ein eller annan måte i tillegg... --Kiwibird 24. september 2009 kl. 22:08 (CEST)[svar]

Ok, takk vere Ranveig har vi no ein totrinnsrakett: Råomsetjing frå Apertium blir merka med denne kategorien, og med språkvask-merke. Når vi har vaska nok, fjernar vi språkvask-merket, og flyttar over i kategorien kategori:Opphavleg omsett med Apertium. Kategorien er skjult, og i alle fall eg ser fordelen av å ha han, men har andre andre syn er det berre å kom med dei. Trondtr 4. januar 2010 kl. 00:03 (CET)-[svar]