Kategoridiskusjon:Profesjonelle organisasjonar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg har to innvendingar mot denne kategorien:

  1. Ein organisasjon kan då vel ikkje vera profesjonell på norsk? Det må vel i tilfelle vera «Profesjonsorganisasjonar»? Altså at det er ein organisasjon som organiserar ein profesjon, ikkje at «organisasjonen ikkje er amatørmessig»?
  2. Treng me kategorien? Så vidt eg hugser diskusjonen frå sjukepleiarutdanninga er profesjon eit temmeleg utflytande omgrep utan klår definisjon.

Eg gjer derfor framlegg om at anten får me ein definisjon av kategorien, eller så slettar me han. --Ekko 17:52, 13 september 2007 (CEST)

Ja, kansje det er nok med kategoriane: «Organisasjonar» og «Norske organisasjonar»? --Sigmundg 17:56, 13 september 2007 (CEST)

Ja, det bør sjølvsagt heite «Profesjonsorganisasjonar».
Grunnen til at eg oppretta kategorien «Profesjonelle organisasjonar» var at organisasjonar som AES, IEEE, osv. ikkje kan samanliknast med organisasjonar som Forskarforbundet, LO, etc. IEEE og liknande organisasjonar arbeider med publisering av vitskapelege artiklar, standariseringsarbeid, arrangerer konferansar, ol. Dei driv ikkje med lønsforhandlingar og liknande. Men om det skal vera eit skilje har du rett i at vi bør ha klare definisjonar.
Det er kanskje fornuftig at fleire uttaler seg før vi gjer noko meir? --Sigmundg 18:05, 13 september 2007 (CEST)
Absolutt. Og eg ser absolutt behovet for ein slik kategori, sjølv om eg synest Lægeforeninga er eit dårleg døme. Dei er jo både fagorganisasjon, fagleg organisasjon og del av statsapparatet (litt flåsete den siste der, kanskje...). Kanskje «fagleg organisasjon» er eit godt ord, sjølv om det ligg tett mot fagorganisasjon? --Ekko 18:24, 13 september 2007 (CEST)