Kategoridiskusjon:Sambandsstatane

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg ser at "Sambandsstatane" vert nytta som ei forkorting for "Dei Amerikanske Sambandsstatane". Dette tykkjer eg er misvisande. Mange andre land er òg sambandsstatar, eller føderasjonar av delstatar. Som døme kan ein nemne India, Russland, Tyskland, osv. Kva meiner andre om dette?

(Sigmundg)

Ég trur ikkje det er fåre for mistydingar. (Sto det til meg, skulle Nynorsk Wikipedia bruka Sambandsstatane overalt, og USA skulle berre vera ei omdirigering til dette.) I gamle dagar var det nok ikkje uvanleg å skriva Dei amerikanske sambandsstatane og (på bokmål) Amerikas forente stater, men offisielt trur eg det i dag berre heiter Sambandsstatane og De forente stater (eller aller vanlegast: ein nyttar den engelske forkortinga USA).
Mange seier forresten berre Statane, og alle skjøner då at dei meiner Sambandsstatane. Og det finst fleire andre døme på namn som ikkje er sjølvforklarande, men berre må lærast. Storbritannia heiter United Kingdom på engelsk, ikkje United Kingdom of Great Britain. Folk skjønar likevel kva for kongedøme det er snakk om. Russland og Finland er land der russarane og finnane bur, men vi bruker då namn som Island og Grønland sjølv om dei på ingen måte er dei einaste landa der det finst is eller grønt. So det er ikkje noko formelt i vegen for å seia Sambandsstatane om USA sjølv om det finst andre sambandsstatar i verda.
Korkje Språkrådet, Skulelinux eller Utanriksdepartementet nyttar formene Amerikas forente stater eller Dei amerikanske sambandsstatane (som ein ifølgje norsk rettskriving ville måtta skriva med liten s), alle skriv Sambandsstatane eller USA på nynorsk, og De forente stater, Sambandsstatene eller USA på bokmål.
Merk at alle tre kjeldene har med forma Sambandsstatene på bokmål. Eg synest det er på høg tid å dra denne namneforma inn i aktiv bruk att, både på bokmål og nynorsk!
--Verdlanco\ordskifte 25. mars 2006 kl. 11:09 (UTC)
Ég trur ikkje det er fåre for mistydingar.
Det kjem an på i kva samanheng uttrykket vert nytta . Om det vert nytta i ein artikkel som handlar om «dei amerikanske sambandsstatane» er eg samd med deg, men om det vert nytta i ein artikkel om «dei tyske sambandsstatane» vil eg oppfatta ordet «sambandsstatane» i tydinga «dei tyske sambandsstatane». Det same kan seiast om om til dømes India. For dei som har ei tettare tilknyting til Tyskland enn til Nordamerika vil ordet «sambandsstatane», om det står for seg sjølv, ofte verta oppfatta som «dei tyske sambandsstatane».

(Sto det til meg, skulle Nynorsk Wikipedia bruka Sambandsstatane overalt, og USA skulle berre vera ei omdirigering til dette.) I gamle dagar var det nok ikkje uvanleg å skriva Dei amerikanske sambandsstatane og (på bokmål) Amerikas forente stater, men offisielt trur eg det i dag berre heiter Sambandsstatane og De forente stater (eller aller vanlegast: ein nyttar den engelske forkortinga USA).

Mange seier forresten berre Statane, og alle skjøner då at dei meiner Sambandsstatane. Og det finst fleire andre døme på namn som ikkje er sjølvforklarande, men berre må lærast. Storbritannia heiter United Kingdom på engelsk, ikkje United Kingdom of Great Britain. Folk skjønar likevel kva for kongedøme det er snakk om. Russland og Finland er land der russarane og finnane bur, men vi bruker då namn som Island og Grønland sjølv om dei på ingen måte er dei einaste landa der det finst is eller grønt. So det er ikkje noko formelt i vegen for å seia Sambandsstatane om USA sjølv om det finst andre sambandsstatar i verda.
Når eg ser ordet «Statane» nytta i til dømes ein avisartikkel tenkjer eg ofte med meg sjølv at artikkelen har vore skriven i all hast og at forfattaren ikkje har teke seg til til å skriva heile namnet. Dette er truleg ikkje tilfellet, men eg kan likevel ikkje heilt fri meg frå kjensla om at forfattaren har hatt hastverk.
Korkje Språkrådet, Skulelinux eller Utanriksdepartementet nyttar formene Amerikas forente stater eller Dei amerikanske sambandsstatane (som ein ifølgje norsk rettskriving ville måtta skriva med liten s), alle skriv Sambandsstatane eller USA på nynorsk, og De forente stater, Sambandsstatene eller USA på bokmål.
Merk at alle tre kjeldene har med forma Sambandsstatene på bokmål. Eg synest det er på høg tid å dra denne namneforma inn i aktiv bruk att, både på bokmål og nynorsk!
Meiner du at eit ord eller uttrykk, som opphavleg er feil, vert rettare av at mange nyttar det? Dette er forresten ein interessant spørsmål. Mange ord og uttrykk kjem inn i språket ved at dei som nyttar det ikkje tenkjer gjennom kva det eigentleg tyder og nyttar det i andre tydingar enn den opphavlege. Når det gjeld ordet «statane» er det vel meir truleg at det kanskje er rettare å tala om slurv?
--Brukar:sigmundg\ 25. mars 2006 kl. 11:09 (UTC)
No er det jo nett slik at mange ikkje nyttar "Sambandsstatane" om USA -- eller "Sameinte Kongedømmet" om Storbritannia, for den del (kanskje det er difor så mange omtalar det som "England"?). Eg er einig med Sigmund i at "Sambandsstatane" er eit dårleg namn, og er glad for at det er lite brukt, både her på nn: og elles. Denne kategorien er vel i grunnen mest her fordi ingen har overført innhaldet til kategori:USA. -- Ranveig 25. mars 2006 kl. 13:14 (UTC)
Sjå der! No køyrer me debatt, ja!
Sigmundg skreiv:

For dei som har ei tettare tilknyting til Tyskland enn til Nordamerika vil ordet «sambandsstatane», om det står for seg sjølv, ofte verta oppfatta som «dei tyske sambandsstatane».

Ja, dét kan godt vera. Dét er ikkje problematisk, synest eg. Men ordet Sambandsstatane med stor S, derimot, er eit særnamn som berre kan brukast på eitt land.

Meiner du at eit ord eller uttrykk, som opphavleg er feil, vert rettare av at mange nyttar det?

Eg ser ikkje at eg har sagt dét, men ja, dét meiner eg absolutt! Korleis trur du t.d. det engelske ordet USA har snike seg inn i språket vårt? Neppe gjennom eit vedtak i Språkrådet iallfall!
Dei peikarane eg gav, var ikkje meint som døme på kva namn mange bruker (langt dei fleste nordmenn skriv jo USA), men som døme på normar for rett skriving av namnet.
Når det gjeld ordet Statane, er vel dét helst i bruk i muntleg daglegtale. Eg meiner ikkje at det bør godkjennast som namn på eit land.
Verdlanco\ordskifte 25. mars 2006 kl. 13:47 (UTC)

At Storbritannia heiter United Kingdom på engelsk stemmer ikkje. Storbritannia, som omfattar England, Wales og Skotland, er ein del (rett nok den største delen) av «The United Kingdom of Great Britain and Northern Ireland».

--Brukar:sigmundg\ 25. mars 2006 kl. 11:09 (UTC)
Sikkert heilt rett. Gløym Storbritannia. Poenget mitt var at eit land godt kan heita Sambandsstatane utan at alle verdas sambandsstatar ligg i det landet. Andre land kan ha sine eigne sambandsstatar, og kalla dei kva dei vil. Det finst ikkje eingong nokon regel imot at fleire land kan ha nøyaktig same namn på norsk (sjølv om akkurat dét ville vera ganske upraktisk)!
Verdlanco\ordskifte 25. mars 2006 kl. 14:32 (UTC)

Eg skjøna ikkje heilt logikken i at du vil ha stor «S» i «Sambandsstatane» når ordet refererer til dei amerikanske sambandsstatane, men ikkje når det refererer til dei tyske sambandsstatane. Har det noko med «storleiken» på landet å gjera?

--Brukar:sigmundg\ 25. mars 2006 kl. 11:09 (UTC)
Det er nøyaktig same grunn som at eg skriv stor 'N' i Noreg, men ikkje i noregsmeisterskap. Det eine er eit offisielt namn på eit land, det andre er eit samansett ord som ikkje er eit særnamn.
--Verdlanco\ordskifte 25. mars 2006 kl. 15:24 (UTC)