Kategoridiskusjon:Sjukepleie

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg veit ikkje heilt om eg er einig i kategoriseringa av sjukepleie under helsevesen. Det blir som om pedagogikk berre skulle stå under skule. Sjukepleie (som m.a. pedagogikk) er både handtverk, noko alle kan driva med, eit fag og noko som foregår i nokre spesielle institusjonar. Og dessutan ein vitskapeleg didiplin om me tar med sjukepleievitskapen. Helsevesen blir litt snevert, synest eg. Ingen ville vel finne på å kategorisera medisin under helsevesen? Og me har jo undergruppa helsepersonell med undergruppa sjukepleiar frå før? --Ekko 22. februar 2006 kl. 09:55 (UTC)

All kategorisering kan alltid gjerast betre! Det me bør passa oss for, er at for mange artiklar og underkategoriar hopar seg opp i dei store hovudkategoriane; då vil oversynet bli borte. Den beste kategoriseringa trur eg me får ved å bruka fleire, presise overkategoriar for kvar underkategori. Det meste kan jo plasserast minst to stader.
Denne kategorien bør truleg inn under "medisin" og truleg òg "vitskapar" (trur ikkje me treng endå ein kategori som heiter "sjukepleivitskap"), evt. "samfunnsvitskapar" om me opprettar ein slik. -- Ranveig 22. februar 2006 kl. 15:51 (UTC)
Mja, samfunnsvitskapar likar eg, så samlar me dei humanistiske disiplinane der. Og så finn vi på eit eller anna for naturvitskapane. Ei samlegreie for dei kunne òg plasserast under vitskapar. Under medisin? Likar det ikkje, men det er jo vanleg. --Ekko 22. februar 2006 kl. 16:21 (UTC)
Kategori:Helse? Ranveig 22. februar 2006 kl. 16:33 (UTC)
Kategori:Helse er bra, men eg trur den skal stå rett under Kategori:Samfunn. Altså:
Samfunn
Helse
Medisin
Sjukepleie
Fysioterapi
Og så bortetter
--Ekko 23. februar 2006 kl. 07:39 (UTC)