Kategoridiskusjon:Sosialistiske parti

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sosialisme[endre wikiteksten]

Eg meinar det var rett av deg å legge "kommunistiske parti" under "sosialistiske parti", sidan det endelege målet med kommunismen er det sosialistiske samfunn.

MEN vi bør òg skille ut "sosialdemokratiske parti" i ein eigen kategori. Problemet med det er at svært mange sosialdemokratiske parti har gått vekk frå målet om eit sosialistisk samfunn - og difor ikkje burde ligge under "sosialistiske parti".--kurtber 9. mar 2005 kl. 2229 (UTC)

1. Det er ikkje heilt rett det Kurtber seier om kommunistane. Kommunistiske parti ser gjerne sosialismen som berre det første halvgode stadiet før ein kjem fram til eit heilt klasselaust og statslaust samfunn som dei ønskjer å kalle kommunistisk.
Det er vel den marxistiske definisjonen, at kommunismen er idealsamfunnet som kjem gjennom sosialismen? Jarle 10. mar 2005 kl. 1733 (UTC)
Det spørst vel kva du meiner med marxisme. Sjølv om Marx skreiv om ulike faser etter kapitalismen var avskaffa, trur eg ikkje Marx sjølv opererte med nemningane "sosialistisk" om den eine og "kommunistisk" om den andre. Men i den marxistisk-leninistiske ortodoksien har dei gitt dei to fasane desse to namna. Det var derfor dei stalinistiske kommunistregima kalla seg "sosialistiske land". --Erling 10. mar 2005 kl. 1841 (UTC)
2. Eg er einig med Kurtber i at mange sosialdemokratiske parti, mellom dei Det norske Arbeidarpartiet, har forlatt målet om eit sosialistisk samfunn, slik at ein ikkje kan definere sosialdemokrati som demokratisk sosialisme (lenger). Nettstaden broadleft.org opererer med fleire kategoriar for meir eller mindre venstreorienterte parti. Dei har ein for sosialdemokratar som DNA, franske PS, osv., altså parti som tilhører den "Sosialistiske Internasjonalen". Denne kallar dei "Social Democracy". Så har dei ein for tradisjonelle kommunistparti - "Communism". Og så har dei ein dei kallar "Democratic Socialism and Reform Communism", der parti som SV og franske PCF er tatt med. Og enda har dei fleire kategoriar, blant anna ein for "trotskistiske" parti. Skulle vi prøve å gjere noko slikt, eller blir det for komplisert? --Erling 10. mar 2005 kl. 1532 (UTC)
Dette hørest relevant ut! Eg trur ei slik tredeling av kategorien vil ha mykje bra for seg. -- Olve 10. mar 2005 kl. 1847 (UTC)
Det høyrest litt komplisert ut, ja, særleg for politiske amatørar *peiker på seg sjølv*, men på den andre sida kan det vera nyttig. Me kan kanskje nytta både- og- prinsippet mitt igjen, ved å leggja partia både i ein finsortert kategori, som "sosialdemokratiske" og "kommunistiske", og ein grovare, som lister opp alle saman. Dette kan vera ganske enkelt "Sosialistiske parti" eller "Parti inspirerte av sosialismen" eller noko slikt. -- Ranveig 10. mar 2005 kl. 1844 (UTC)
No har eg laga ein artikkel om det franske kommunistpartiet PCF (bygd mykje på artikkelen om dette partiet på den engelske wikien). Eg har kategorisert PCF med "Franske politiske parti", "Sosialistiske parti" og det eg tenkte skulle vere ein ny underkategori under "Sosialistiske parti", som eg i samsvar med systemet på nettstaden broadleft.org har kalla "Venstresosialistar og reformkommunistar". Da kan altså "Sosialistiske parti" vere ein brei samlekategori med alle parti som har eller har hatt tilknyting til noka form for sosialisme (men sjølvsagt ikkje "nasjonalsosialisme", som ingen i samtida var i tvil om var ei borgarleg ekstremrørsle og sosialismen sin dødsfiende, og som derfor blei så vennleg omtala i t.d. Aftenposten...). I utgangspunktet tenkte eg meg tre underkategoriar, "Kommunistiske parti", "Sosialdemokratiske parti" (definert som SI-parti) og denne med "Venstresosialistar og reformkommunistar". Men fleire underkategoriar, som "Trotskistiske parti" og "Anarkistar/anarkistiske organisasjonar" kan tenkjast. Kva tykkjer de?--Erling 11. mar 2005 kl. 1658 (UTC)