Kategoridiskusjon:Wikipedantar med mastergrad

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva med: Wikipedantar med hovudfag/mastergrad --KRISTAGAα-ω 1. mai 2006 kl. 21:31 (UTC)

Mykje betre :-) Olve er fanga av eksamenssystema av i går... Trondtr 1. mai 2006 kl. 22:00 (UTC).
Nja... Eg tenkte no vi burde ha ein kategori for mastergrad òg. Og eg lurte litt på kva vi skulle gjera med magistergrad, M.Phil. og liknande. Bør vi samle dei alle i ein sekk eller dele dei opp. Kva synest de? -- Olve 2. mai 2006 kl. 00:00 (UTC)
Trur likegodt eg skjer gjennom og lagar kategori:wikipedantar med mastergrad, og så kan det vera kategorien for Cand.Mag., Cand.Polit., Cand.Scient., Cand.Theol. (hovudfag); Mag.Art. (magistergrad), M.Phil., M.St., MA, MSc (internasjonal type mastergrad) og så vidare. Om nokon er djupt ueinige, så er det sjølvsagt berre å seie frå. -- Olve 2. mai 2006 kl. 02:08 (UTC)
Stakkars Olave....
Men kvifor skryt de slik av utdanninga deira? Er det ikkje nok å vere sjømann eller fabrikkarbeidar eller sjukepleiar? [usignert innlegg]
Hallo ukjente. Eg har ikkje sett noen her som skryt av utdanninga si. Men det er greitt å nemne den, på samme måte som at det er greitt å nemne at ein er sjømann eller liknande. Eg ville stole mye meir på ein artikkel om styresystemet på eit skip som var skrive av ein sjømann enn av meg som er naturgeograf. --KRISTAGAα-ω 1. mai 2006 kl. 22:25 (UTC)
Eg tenkte meg om to gonger før eg sette på kategorimerket med utdanninga mi, men gjorde det lell, fordi: Wikipedia får no og då kritikk for at vi berre har skribentar utan akademisk utdanning (anten skuldingane no er at vi består av «tenåringar på datarommet» eller av «lågt utdanna og uføretrygda»). Sjølv er eg glad for kvar ein tenåring som skriv, og særleg for kvar ein sjømann, fabrikkarbeidar eller sjukepleiar (Ekko er eit glimrande døme på det siste, og Nicolaym eit tilsvarande døme på det første), og eg ser det som wikipedia sin viktigaste styrke (til skilnad frå tradisjonelle leksika) at vi har ein så brei bakgrunn som mogleg (og som vi faktisk har), nett av dei grunnane Kristaga nemner. Wikipedia er grundigare enn vanlege leksika (lange artiklar, der vanlege leksika kuttar), det er oppdatert (der vanlege leksika er utdatert), og det har artiklar innafor eit mykje breiare område enn vanlege leksika, nett på grunn av den breie bakgrunnen vår. Eg finn alt frå artiklar om grammatikk (som vanlege leksika sensurerer som for «utilgjengeleg», via alle slags andre fagområde, til t.d. grundige artiklar om populærkultur, som Fantomet (på no:) og W.I.T.C.H. (på en:)) Men eg sette altså utdanningsbakgrunnen min opp, for å vise at vi har ulike bakgrunnar representert her, m.a. altså bakgrunnen min. Trondtr 1. mai 2006 kl. 23:17 (UTC).
Ja, det var «lågt utdanna og uføretrygda»-formuleringa som fekk meg til å setja i gang denne aksjonen. Vi har, som Trond nettopp skreiv, mykje solid utdanna folk her — og mykje grundig kunnskapsrike folk frå andre erfaringsbakgrunnar òg. Det er viktig å vise denne breidda for å gjeva lesarane eit mest muleg presist inntrykk av oss som arbeidslag og oppslagsverk. -- Olve 2. mai 2006 kl. 00:00 (UTC)

Når det gjeld erfaringsbakgrunnar som fabrikkarbeidar, sjukepleiar, sjøfolk, kolportørar, urmakarar og reindriftssamar, så bør alt dette vera med. Og vi treng forresten absolutt uføretrygda skribentar òg — dei sit gjerne på viktige erfaringar som bør vera med i eit skikkeleg oppslagverk...! -- Olve 2. mai 2006 kl. 00:00 (UTC)

Grunnen til at eg ikkje allereie har sett opp alle desse er at den første brukarboksen av denne typen vart oppretta for berre eit par timar sidan. Eg kan no ikkje trylle heller... ;-P (Her er det berre å slengje seg med på produksjonen for den som vil! -- Olve 2. mai 2006 kl. 00:04 (UTC)