Kategoridiskusjon:Wikipedia-diskusjonar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av --Gunnernett 12. april 2006 kl. 12:40 (UTC)

Korleis finn eg dei eksisterande diskusjonssidene?[endre wikiteksten]

Her har det visst skjedd endringar mens eg ikkje har følgt med... :) Øvst oppe på Samfunnshus-sida, står det «For å unngå rot i samfunnshuset bør du finna ei eigna diskusjonsside for spørsmålet ditt». Eg klarer ikkje å finne ut korleis eg skal kunna finne oversikt over desse diskusjonssidene? --Erlend 11. okt. 2005 kl. 13:21 (UTC)

Spør i Samfunnshuset :-). Det er slett ikkje noko problem å starta ein diskusjon her og så flytta han ein annan stad seinare. Dersom du derimot kan tenka deg eit greitt namn for emnet du ønsker å diskutera, eller hugser kvar noko liknande blei snakka om sist, kan du sjølvsagt setta diskusjonen i gang der direkte, men det er ingen tvang. Du kan òg sjå etter i kategori:debattar, men det er ikkje akkurat ein velfylt kategori for tida. -- Ranveig 11. okt. 2005 kl. 18:28 (UTC)
Ok! Har sett inn dei wikipedia-diskusjonane som finst i «Pågåande drøftingar» ovanfor i kategori:Wikipedia-diskusjonar no (under kategori:Debattar. Da blir det iallfall litt enklare. :) Greitt iallfall for heilt nye folk, som ikkje har høve til å hugse kor ting vart snakka om sist! --Erlend 12. okt. 2005 kl. 09:29 (UTC)
God ide! Lett å sjå seg blind i gamle gater... --Eddi (Snakk) 12. okt. 2005 kl. 17:20 (UTC)

Slutt på tekst flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av --Gunnernett 12. april 2006 kl. 12:40 (UTC)