Kedrovyj
Utsjånad
| Kedrovyj | |||
| Кедровый | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Tomsk oblast | ||
| Areal | 1 697 km² | ||
| Folketal | 1 818 (2021) | ||
| Grunnlagd | 1982 | ||
| • Bystatus | 1987 | ||
| Postnummer | 636615 | ||
| Retningsnummer | +7 38250 | ||
| Bilnummer | 70 | ||
![]() Kedrovyj 57°34′00″N 79°34′00″E / 57.566666666667°N 79.566666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Kedrovy | |||
Kedrovyj (russisk Кедровый) er ein by i Tomsk oblast i Russland med om lag 2 000 innbyggjarar. Han ligg i dalen til elva Tsjusik, rundt 350 km vest-nordvest for Tomsk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Kedrovyj vart grunnlagd i 1982 som ein busetnad for oljearbeidarar. I 1987 fekk han bystatus. Forventningane til utviklinga av oljeførekomstane i området har så langt ikkje slått til, hovudsakleg på grunn av den ugunstige infrastrukturen i området. På grunn av dette har folketalsutviklinga i byen stagnert, i motsetnad til mange andre byar på Den vestsibirske sletta.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Kedrovyj er senter for olje- og gassområdet Pudino, som er utbygd av selskapet Luginezneft (eigd av Rosneft). I tillegg føregår det skogsdrift i regionen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Kedrovyj» frå Wikipedia på bokmål, den 29. januar 2009.
