Keilhauitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Keilhauitt eller yttrotitanitt er ein varietet av mineralet titanitt som inneheld lantanoidar, jarn og anna. Mineralet vart først skildra frå ein pegmatitt ved Arendal i 1844.

Det finst fleire stader på granittpegmatittgangar i Noreg.

Det er kalla opp etter Baltazar Mathias Keilhau.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]