Keurusselkä

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keurusselkä
Keurusselkä - Satellittbilete av området rundt Keurusselkä region. Nedslagskrateret er merkt med kvit sirkel, medan raud sirle markerer området ein har funne slagkjegler i.
Satellittbilete av området rundt Keurusselkä region. Nedslagskrateret er merkt med kvit sirkel, medan raud sirle markerer området ein har funne slagkjegler i.
Stad Keski-Suomi
Koordinatar 62°8′N 24°36′E
Tilknytte land Finland
Største lengde 27 km
Overflateareal 117,30 km²
Middeldjupne 6,4 m
Største djupne 40 m
Høgd over havet 105,4 m

Keurusselkä er ein innsjø sentralt i Keski-Suomi i Finland mellom tettstadane Keuruu i nord og Mänttä i sør. Han dekkjer eit areal på 117,30 km². Middeldjupet er 6,4 meter, men på det djupaste er han 40 meter. Overflata ligg 105,4 meter over havnivå. Innsjøen er 27 km lang, og er ein del av nedslagsfeltet til Kokemäenjoki. Keurusselkä fekk internasjonal presseomtale i 2004 då eit par amatørgeologar oppdaga eit eldgamalt nedslagskrater på vestsida av innsjøen.

«M/S Elias Lönnrot», ein av to hjuldamparar i Finland har turar på innsjøen om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]