Kharkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kharkov er òg det russiske namnet på den ukrainske byen Kharkiv.
Kharkov
elv
none  Kharkovelva i Kharkiv
Kharkovelva i Kharkiv
Land Flag of Russia.svg Russland, Flag of Ukraine.svg Ukraina
Kjelde Belgorod oblast i Russland
Munning Lopan
Lengd 71 km
Nedslagsfelt 1 160 km²
Vassføring
 - middel 2 62 /s
Wikimedia Commons: Kharkiv River

Kharkov (russisk Харьков; ukrainsk Ха́рків - Kharkiv) er ei elv i Ukraina og Russland og ei av sideelvane til Lopan frå venstre.

Elva er 71 km lang med eit nedslagsfelt på 1160 km². Elva har utspring i Krivenkovom Jaru mellom landsbyane Boldyrevka, Saltykovo og byen Oktiabrskij i Belgorod oblast i Russland. Langs elva ligg tettstadane Kharkiv Liptsy og Tsirkuny og elva munnar ut i Lopan ved byen Kharkiv i Ukraina. Ved munningen har elva ei middelvassføring på 2,62 m³/s. Kharkov munnar ut i Lopan 10 km før ho igjen munnar ut i Udy. Kharkov har ei gjennomsnittleg helling på 0,80 meter per kilometer. Breidda på elva varierer frå 2 meter i starten til 20 meter ved munningen, medan djupna varierer frå 0,3 til 0,3 meter. Under vårflaumen stig vassnivået til 2-4 meter. Elva kan derimot tørke heilt inn om sommaren.

Elva frys til i slutten av november eller tidleg i desember og vert isfri att i starten av mars.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]