Khatanga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Khatanga
elv
Khatangarivermap.png
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 364 000 km²
Lengd 227 km
Middelvassføring 3 320 /s
Munning Khatangabukta
Wikimedia Commons: Khatanga River

Khatanga (russisk Хатанга) er ei elv i Krasnojarsk kraj i Russland. Elva er 227 km lang og har eit nedslagsfelt på 364 000 km². Elva har ei middelvassføring på 3320 m³/s.

Elva startar der elvane Kotuj og Kheta renn saman og ho munnar ut i Khatangabukta i Laptevhavet.

Medrekna Kotuj, den lengste tilløpselva, er Khatanga 1636 km lang. Det er over 112 000 innsjøar i nedslagsfelt hennar, med eit samla areal på 11 600 km².

Elva frys til i månadsskiftet september-oktober og er isdekt til byrjinga av juni. Heile elva kan nyttast til skipsfart, men på grunn av is og flaum er det berre midtsomars det i praksis er mogeleg å ferdast med båt på elva. Khatanga er særs rik på fisk.

Elvehamna og landsbyen Khatanga ligg på høgresida (sørsida) av elva, rundt 15 km etter starten ved Kotuj/Kheta-samløpet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]