Khujtnij orgil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Khujtnij orgil
fjell
Ukok Plateau 2.jpg
Land Flag of Mongolia.svg Mongolia, Flag of the People's Republic of China.svg Kina
Fjellkjede Altajfjella
Høgd 4 374 moh.
Primærfaktor 2 342 m
Koordinatar 49°09′N 87°47′EKoordinatar: 49°09′N 87°47′E

Khujtnij orgil (mongolsk Хүйтний оргил, Den kalde toppen) eller Khüitenfjellet (mongolsk Найрамдал оргил, Nairamdal orgil, Хүйтний оргил, Khuijtij orgil, òg Venskapstoppen) er det høgaste punktet i Mongolia og ligg heilt vest i landet. Toppen har ei høgd på 4 374 meter over havet og ligg under eit permanent snødekke. Han er ein av dei fem toppane i Tavan Bogd-massivet («dei fem helgenane») i lag med Venskapstoppen (Nairamdal), Bürged Uul (Ørnefjellet), Naran Uul og Ölgij Uul. Området som massivet ligg i har dei siste åra vorte eit populært turistmål.

Desse toppane dannar grensetriangelet mellom Mongolia, Russland og provinsen Xinjiang i Kina. Dette er òg staden i Mongolia som ligg nærast Kasakhstan, som berre er 40 km unna.