Kingston på Norfolkøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 29°3′32″S 167°57′30″E

Den gamle militærbygningen i Kingston som no huser den lovgjevande forsamlinga for Norfolkøya.[1]

Kingston er administrasjonssenteret for Norfolkøya i Stillehavet, som er eit territorium underlagt Australia. Den største busetnaden er på øya i dag er Burnt Pine i innlandet.

Kingston blei grunnlagd i 1788, som ledd i den første britiske koloniseringa av Norfolkøya.[2] Kolonien blei lagt til det einaste slettelandet på øya ved kysten. Kingston var den viktigaste busetnaden også då den andre og tredje bølgja av nybyggjarar kom til øya. Det er tidlegare spor etter polynesiarar på staden frå mellom 1200- og 1600-talet.[3]

Frå 1788 til 1855 var Kingston ein straffekoloni, og var rekna som ein særskild hard og brutal stad å vera fange. I 1856 blei innbyggjarane på Pitcairn flytta hit.[3]

Kingston-området er eit viktig fritidsområde for innbyggjarane på Norfolkøya. Staden har fleire historiske bygningar og minnesmerke etter tidlegare koloniseringsforsøk. Kingston og Arthur's Vale på Norfolkøya blei del av verdsarvstaden australske straffangestader i 2010.[4] Norfolk Island Museum held til i fleire av dei historiske bygningane i Kingston.[5] Den lovgjevande forsamlinga for Norfolkøya held møta sine i ein gammal militærbygning.[6]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Old Military Barracks», pitcairners.org
  2. «Kingston», Norfolk Island. The Website.
  3. 3,0 3,1 «Kingston and Arthurs Vale Historic Area (KAVHA), Norfolk Island», Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Communities.
  4. «Australian Convict Sites», UNESCO World Heritage Centre.
  5. Norfolk Island Museum.
  6. «Assembly», Radio Norfolk.