Kinn
Kinn | |
---|---|
![]() Den særmerkte fjellformasjonen Kinnaklova sett frå kyrkjegarden ved Kinn kyrkje Foto: Hjorthefoto
|
|
Geografi | |
![]() |
|
Stad | Sunnfjord |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 2,5 km² |
Høgaste punkt | 315 moh. |
Administrasjon | |
Land | ![]() |
Fylke | Sogn og Fjordane |
Kinn er ei øy som ligg vest for Florø i Sogn og Fjordane fylke. Øya Kinn var tidlegare del av Kinn kommune, men vart etter kommunesamanslåinga i 1964 innlemma i Flora kommune.
Kinn kyrkje har lange tradisjonar knytt til seg, truleg heilt attende til år 1150. Eit eige spel, Kinnaspelet, er skrive om Kinn og kyrkja der.
Innhaldsliste
Kulturminne på Kinn[endre | endre wikiteksten]
Kulturminneskilt[endre | endre wikiteksten]
I 2014 vart det sett opp kulturminneskilt på Kinn. Eine skiltet står på kaia, og det andre skiltet står i starten av turløypa på søraust sida av Kinn. Ved kulturminna som ligg langs stien på sørsida av Kinn er det sett opp små skilt med eigne QR-kodar. Teksten på skilta på kaia er utarbeidd av Flora historielag, medan teksten på skiltet på søraustsida er utarbeidd av Sogn og Fjorande fylkeskommune.[1][2]
Kinn prestegjeld[endre | endre wikiteksten]
Kinn var fram til 2004 eit prestegjeld. Prestegjeldet tilsvarte Flora kommune i utstrekking og vart delt i fire sokn; Kinn sokn, Bru sokn, Eikefjord sokn og Nordal sokn. Bremanger prestegjeld vart skilt ut frå Kinn i 1864.[3] Prestetenesta i Flora er no leia av prosten i Sunnfjord prosti, og ordninga med prestegjeld er utfasa.
Tidlegare Kinn kommune[endre | endre wikiteksten]
Kinn kommune vart skipa i 1838 og hadde same utstrekkinga som Kinn prestegjeld. I 1861 vart Florø, med 846 innbyggjarar, skilt ut frå Kinn kommune som ladestad. Etter delinga budde det 6 531 personar i Kinn kommune. Fem år etter, i 1866, vart Bremanger utskilt frå Kinn som eigen kommune. Etter delinga budde det 1 852 personar i nye Bremanger kommune og 4679 att i Kinn kommune. I 1923 vart kommunen delt i tre og Bru og Eikefjord skipa som eigne kommunar. Eikefjord hadde ved opprettinga 929 innbyggjarar, og Bru hadde 1 560, medan det budde att 2 508 i Kinn kommune. I 1964 vart Bru, Eikefjord, Kinn og Florø slått saman til nye Flora kommune.[4]
Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]
Før delinga av kommunen i 1923 var Kinn den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane. Ved delinga hadde den gamle kommunen til saman 4997 innbyggjarar.
Folketalsutvikling for tidlegare Kinn kommune frå 1923 til 1964:
1.1.1923[5] | 1.12.1930[6] | 3.12.1946[6] | 1.1.1951[7] | 1.1.1961[7] | 1.1.1964[5] |
---|---|---|---|---|---|
2508 | 2546 | 2685 | 2784 | 3425 | 3567 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Tekstar om Kinn på digitaltfortalt.no
- ↑ Kulturminneprosjekt på Kinn
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- ↑ Jukvam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå 1999. s.53-56
- ↑ 5,0 5,1 «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
- ↑ 6,0 6,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 7,0 7,1 Folkemengd i Kinn 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Arkiv frå Kinn kommune
- Fattigstyret. Frå Arkivportalen.no
- Formannskapet. Frå Arkivportalen.no
- Skulestyret. Frå Arkivportalen.no
- Stavøy skule. Frå Arkivportalen.no
|