Kirkelig Fornyelse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kirkelig Fornyelse er ein organisasjon som har hatt som mål å vere eit bøne- og arbeidsfellesskap av kristne frå ulike tradisjonar som søkjer ei høgkyrkjeleg fornying av kyrkja. Det vil dei arbeide for «gjennom den udelte Kirkes tilbedelse og teologiske tradisjon» – det inneber at organisasjonen er økumenisk, samtidig som han står nær tradisjonen til ortodoks og katolsk kyrkjeliv.

Organisasjonen vart opprettet som ei prestegruppe med namnet Pro Ecclesia i 1967. I 1976 vart han konstituert på nytt som ei samanslutning for prestar og lekfolk innanfor Den norske kyrkja. I 2001 vart Kirkelig Fornyelse opna for medlemmer frå ulike kyrkjesamfunn etter at fleire sentrale medlemmer braut med Den norske kyrkja og melde seg inn i andre trussamfunn.

Den markant høgkyrkjelege og konservative profilen gjorde organisasjonen kontroversiell både blant leiinga i Den norske kyrkja og i dei lågkyrkjelege misjonsorganisasjonane. Dei første reagerte blant anna på tydeleg motstand mot kvinneleg presteteneste og støtte til Børre Knudsens abortkamp, dei siste på det dei oppfatta som tilnærming til katolisisme.

Blant dei viktigaste arrangementa til Kirkelig Fornyelse er det årlege kyrkjestemnet på Gran på Hadeland. Blant sentrale medlemer har vore Øystein Thelle, Bernt Oftestad, Trond Hans Farner Kverno og Asle Dingstad .

Formann i 2016 er Dag Øivind Østereng, sokneprest i Den norske kyrkja. Han melder at organisasjonen blir lagd ned i 2017.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]