Kirsti Jordet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kirsti Jordet
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1932
Død

19. april 2019
Vingelen

Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

Kirsti Jordet (fødd 12. mai 1932) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Vingelen med til saman 14 noregsmeistertitlar og to Kongepokalar. Jordet sette noregsrekordar i diskoskast, høgdesprang og spydkast. Fram til og med 1952 tevla ho for Follogutane, i 1953 for Røros IL og frå 1954 for IL BUL (Idrottslaget i Bondeungdomslaget i Oslo).

Noregsrekordane[endre | endre wikiteksten]

Høgdesprang med tillaup[endre | endre wikiteksten]

1,50 m i 1949[endre | endre wikiteksten]

Dette var to centimer høgare enn Berit Byhre sin rekord frå 1947. Jordet mista rekorden alt seinare same året, då Unni Sæther hoppa 1,51.

Spydkast[endre | endre wikiteksten]

39,95 i 1950[endre | endre wikiteksten]

Rekorden vart sett under NM. 39,95 var ei kraftig forbetring frå den tidlegare rekorden på 34,19 av Edith Todnem frå same året. Rekorden stod til 1952 då Alfhild Nærland kasta 41,12.

Diskoskast[endre | endre wikiteksten]

39,35 i 1952[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare rekorden var på 37,59 frå 1950 og høyrde til Edith Todnem. Jordet forbetra sjølv rekorden i NM same året.

40,20 i 1952[endre | endre wikiteksten]

Denne rekorden vart ståande i seks år, heilt til Edel Leverås kasta 40,42 i 1958.

Medaljar i NM i friidrett for senior[endre | endre wikiteksten]

Kirsti Jordet tok til saman 34 medaljar i NM i perioden 1949–1957; 14 gull, 13 sylv og 7 bronse. Dei fleste av desse vann ho i tekniske øvingar, men ho fekk også tre medaljar i laupsøvingar og fire medaljar i trekamp. I 1949 og 1950 fekk ho òg Kongepokalen.

År Øving Medalje Resultat
Diskoskast
1950 Sylv 35,17 m.
1951 Gull 36,61 m.
1952 Gull 40,20 m.
1953 Gull 36,87 m.
1954 Gull 38,05 m.
1956 Gull 36,31 m.
Hekkelaup
1952 80 m. Sylv 13,5 s.
Høgdesprang
1949 u/tillaup Gull 1,19 m.
1949 m/tillaup Gull 1,50 m.
1950 m/tillaup Bronse 1,43 m.
1951 m/tillaup Sylv 1,40 m.
1952 m/tillaup Sylv 1,46 m.
Kortdistanselaup
1949 100 meter Sylv 13,0 s.
1949 200 meter Sylv 26,7 s.
Kulestøyt
1949 Gull 11,43 m.
1950 Gull 11,10 m.
1951 Sylv 10,98 m.
1952 Bronse 11,20 m.
1953 Bronse 10,38 m.
1956 Bronse 11,04 m.
Lengdesprang
1949 u/tillaup Gull 2,68 m.
1949 m/tillaup Sylv 4,94 m.
1951 u/tillaup Bronse 2,47 m.
Mangekamp
1949 Trekamp Sylv 1741,10 p.
1950 Trekamp Bronse 1709,80 p.
1951 Trekamp Gull 1475 p.
1957 Trekamp Sylv 2043 p.
Slengball
1951 Gull 43,21 m.
1952 Gull 46,35 m.
Spydkast
1950 Gull 39,95 m.
1951 Sylv 32,60 m.
1952 Sylv 35,86 m.
1954 Sylv 33,60 m.
1956 Bronse 31,38 m.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]