Kjølvatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjølvatnet etter ein saktegåande båt.
Kjølvatnet etter ein båt i høg fart.

Kjølvatn eller kjølstripe er slike bølgjer som lager seg i vassflata etter eit skip eller ein båt i fart. Bølgjene kjem av at det vert såkalla hydraulisk sprang mellom dei vassmengdene båten set i rørsle og vatnet elles.

Omgrepet «følgje i kjølvatnet på» vert nytta om at noko følgjer like etter noko anna, anten i tid eller geografisk.