Kjedereaksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein kjedereaksjon er i kjernefysikken ein reaksjon som skjer i samband med fisjon- og fusjonsprosessar. Fisjon er kjernespalting av tunge kjernar som uran og transuran, og vanlegvis blir det frigjort 2,5-3 nøytron for kvar spalting. Om eit av desse nøytrona blir fanga inn av ein annan kjerne, slik at denne òg fisjonerer, har ein ein kjedereaksjon. Om i snitt eitt nøytron frå kvar fisjon fører til ein ny fisjon, vil prosessen halde fram med konstant fart og systemet vert då kalla kritisk. Om mindre enn eitt nøytron frå kvar fisjon fører til ein ny fisjon kallar ein systemet underkritisk, og om tilsvarande fører til meir enn eitt nøytron per fisjon, vert det kalla overkritisk. I eit underkritisk system vil kjedereaksjonen stoppe opp etter kvart, medan ein i sterkt overkritiske kjedereaksjonar kan få ein eksplosjonsarta auke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]