Hopp til innhald

Kjemisk prosess

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein kjemisk prosess er ein metode for, eller eit middel til å endre éin eller fleire kjemikaliar eller kjemiske blandingar. Ein slik prosess kan verte skapt av nokon, eller han kan oppstå naturleg.

Omgrepet vert ofte brukt for å skildre handsaming og produksjon av kjemiske stoff i ein industriell samanheng, som til dømes oljeraffineri eller vassreinsingsanlegg.

Ein kjemisk prosess kan innehalde eitt eller fleire steg, og det kan, men må ikkje, involvera kjemiske reaksjonar.