Kjensler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kjensle)
Sjå òg kjenslesans.
Seks ulike kjensler uttrykt med ansiktsuttrykk.

Kjensler er ulike namnsette, sterke sinnstilstandar. Innan psykologi skil ein gjerne mellom kortvarige kjensler og meir langvarige stemningar. Ei kjensle er gjerne eit direkte svar på ei oppleving og kan føra til endringar i kroppen, til dømes gjennom hjartefrekvensen eller hormonproduksjon, og i handlingar, som å endra ansiktsuttrykk eller å flykta.

Dei «grunnleggjande kjenslene» glede, leiskap, forbausing, frykt, vemming og sinne blei klassifiserte av to amerikanske psykologar, Ekman og Friesen, i 1971. Ansiktsuttrykka for desse kjenslene fanst og blei forstått likt i mange ulike, relativt isolerte kulturar, og kunne sjåast på små barn som ikkje hadde lært dei av nokon. Det finst ei rekkje andre namngjevne kjensler som av nokre forskarar blir rekna som blandingar av desse grunnleggjande. Andre forskarar, som Russell eller Plutchik, har føreslått modellar der kjensler står i kontrast til kvarandre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «emotion» og «primary emotions», A Dictionary of Psychology. Andrew M. Colman. Oxford University Press, 2006. Oxford Reference Online.
  • «emotion», A Dictionary of Nursing. Oxford University Press, 2008. Oxford Reference Online.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne medisinartikkelen som har med samfunn å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.