Hormon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Modell av hormonet glukagon.

Hormon (frå gresk horman, 'set i gang') er molekyl som verker som bodberarar frå ei celle til ei anna celle eller cellegruppe. Alle fleircella organismar produserer hormon, også plantar. Hormona kan verka over kortare eller lengre avstand.

Dei er del av det endokrine systemet, som saman med sentralnervesystemet samordnar grunnleggjande livsprosessar som fordøying og forplanting. Endokrine celler frigjev hormona i blodomløpet, andre kroppsvæsker eller direkte til nabovev.

Alle cellene i kroppen kan produsera fleire molekyl som regulerer produksjonen av andre molekyl, anten i cella sjølv eller i naboceller. Dei klassiske hormona regulerer kroppen på eit overordna nivå, heile organismefunksjonen. Dei kan òg ha meir lokale verkeområde.

Hormona kan verka på fleire ulike måtar, til dømes ved å binda seg til særskilde reseptorar på utsida av cella, ved å trenga inn i cellekroppen og starta eller stoppa ein reaksjon der, eller ved å utløysa programmert celldød. Mellom anna i fosterstadiet og puberteten kan hormon setta i gang innvikla utviklingskjeder som påverkar utviklinga til heile kroppen.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Hormona me kjenner best finst i virveldyr. Desse hormona blir delte inn i fire grupper:

  1. Aminoderiverte hormon er kjemiske sameiningar med utgangspunkt i aminosyrene tyrosin eller tryptofan.
  2. Peptidhormon er laga av aminosyrer lenka saman i lenker ved hjelp av peptidbindingar. Lange kjeder med hundrevis av aminosyrer blir kalla protein. Nokre protein kan òg fungera som hormon, til dømes insulin og nokre veksthormon. Desse blir ofte kalla polypeptidhormon.
  3. Stereoidhormon er baserte på kolesterol.
  4. Lipid- og fosforlipidhormon er bygde på ulike slags feitt.

Døme på hormon[endre | endre wikiteksten]