Klanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Vestbreidda» på Ullevaal Stadion, ein av tribunane til Klanen

Klanen er organisasjonen til tilhengjarane av idrettsklubben Vålerenga, særleg fotballklubben. Han hadde i overkant av 12600 medlemmar i 2007[1] og er den mest kjende supporterklubben i Noreg.

Klanen blei formelt stifta 5. mai 1991, men gruppa byrja på starten av 80-talet. Han oppstod til dels som ein reaksjon på den eksisterande «Vålerengens Supporter Club». Dette var mykje av eit kulturskilje der rolla til Supporter Club-en var å skaffe pengar til klubben, mens dei som skulle bli Klanen tenkte meir på å få folk og liv på tribunane.

I byrjinga var grupperinga kjend under namnet Apeberget og var særleg knytt til ishockey-miljøet. Bakgrunnen for apebergnamnet var at ein VG-journalist feilaktig kalla vålerengsupportarane på ein bortekamp mot Sparta Sarpsborg for dette namnet. Spartasupportarane hadde teke namnet frå Sverige, og det var dei som eigenleg kalla seg Apeberget.

Klanens oppgjer med nazist-infiltratørar på 90-talet bidrog til etableringa av «Vålerenga Mot Rasisme».

Klanen har i dag ei viktig rolle for klubben ut over det å mobilisere tilskodarar til kampane. Han er deleigar i «Vålerengasjappa» som sel supportareffektar, og i fotballpuben «Bohemen». Overskotet frå desse foretaka blir ført attende til klubbar i Vålerenga-systemet. Klanen er òg ivrig med og stør dei aldersavgrensa laga til klubben i Norway Cup.

Klanen er òg kjent som «Det største mannskoret i Noreg» på grunn av sine songar på kamp. Dei er mykje retta mot byrival Lyn og ymse «bønder», klansspråk for alle som ikkje stør Vålerenga.

I Vålerenga symboliserer drakt nummer 12 Klanen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gjerdalen BA, og Teigøy J: Fra Sotahjørnet til Bohemen. Vålerengens Idrettsforening 1913-2003

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 5. februar 2011, henta 21. desember 2011 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]